- Finn de noko som kan vere eit kulturminne, ta kontakt med, oppmodar miljøkrimkoordinator i Møre og Romsdal politidistrikt, Cecilie Valved og arkeolog Carl Fredrik Wahr-Hansen, arkeolog i fylkeskommunen.
Politiet Møre og Romsdal
Politiet og Møre og Romsdal fylkeskommune går saman ut for å informere, for å hindre at
kulturminne blir skadde eller øydelagde og at folk bryt lova utan å vere klar over det.
– Vi er ikkje ute etter å ta folk. Vi vil heller bidra med kunnskap slik at ein ikkje uvitande
gjer inngrep i kulturminne, seier miljøkrimkoordinator i Møre og Romsdal politidistrikt,
Cecilie Valved.
Ein felles arv
Kulturminne er spor etter menneskeleg aktivitet gjennom tusenvis av år, frå synlege
bautasteinar til usynlege restar i bakken eller på havbotnen. Mange stammar frå tida før
skriftlege kjelder, og er viktige for å forstå historia vår.
– Dette er fellesskapet sin ressurs. Når kulturminne blir øydelagde, mistar vi uerstatteleg
kunnskap om fortida, fortel arkeolog i fylkeskommunen, Carl Fredrik Wahr-Hansen
Vemmestad. Alle kulturminne eldre enn 1537 er automatisk freda, uansett om dei er
kjende eller ikkje.
Faste og lause kulturminne
Ein skil gjerne mellom:
- Faste kulturminne: Til dømes bautasteinar, gravminne, helleristningar, tufter og
andre spor i landskapet. Desse kan vere vanskelege å sjå, og mange er ikkje
kartlagde. - Lause kulturminne: Gjenstandar som myntar, smykke, våpen eller reiskapar som
ein kan finne i jorda, i sjøen eller med metalldetektor.
Det er forbode å gjere inngrep i faste kulturminne, til dømes ved graving, planering eller
hogst. Slike saker kan få konsekvensar. Politiet har mellom anna gitt bøter på fleire titals
tusen kroner både til privatpersonar og bedrifter, for ulovlege inngrep.
Dette må du gjere
Før du set i gang med aktivitet som kan påverke bakken eller naturen, bør du:
- Sjekke området på kulturminnesok.no.
- Vise særleg aktsemd der det er mange kjende kulturminne.
- Stoppe arbeidet og ta kontakt med fylkeskommunen om du oppdagar noko du trur kan vere eit kulturminne.
- Før bruk av metalldetektor må ein ha samtykke frå grunneigar og setje seg inn i retningslinjene.
- Funn skal meldast inn.
- Finn du ein gjenstand som kan vere eit kulturminne, skal han meldast inn til fylkeskommunen eller politiet. Gjenstanden må takast vare på slik at han ikkje blir skadd.
- I mange tilfelle finst det ordningar for finnarløn, særleg for funn av gull eller sølv.
Tett samarbeid
Fylkeskommunen har ansvar for fagleg forvaltning av kulturminne, medan politiet handterer lovbrot. Samarbeidet mellom etatane er tett og avgjerande.
– Målet vårt er ikkje å straffe, men å opplyse og førebygge. Med kunnskap kan vi saman ta vare på historia vår og sørgje for at ingen bryt lova utan å vere klar over det, seier miljøkrimkoordinator i Møre og Romsdal politidistrikt, Cecilie Valved.
Har du spørsmål eller gjort eit funn?
Ta kontakt med politiet eller Møre og Romsdal fylkeskommune.