Vil inngå samarbeid med Distriktssenteret

Samarbeidsavtalen mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og Distriktssenteret skal styrke distriktskommunane sitt arbeid med samfunnsutvikling.

Hus ved havet. - Klikk for stort bileteSmøla og Aure er med i programmet «Bygdevekst», og vil få særskild oppfølging. Bildet er frå Veiholmen på Smøla. Marit Holen

Det meiner fylkeskommunedirektøren, som innstiller på at Møre og Romsdal fylkeskommune inngår ein samarbeidsavtale med Distriktssenteret for perioden 2025-2028.

Saka skal til politisk behandling i kultur- og folkehelseutvalet 10. september, kompetanse- og næringsutvalet 12. september og til endeleg avgjerd i fylkesutvalet 31. september.

Kompetansesenter for distriktsutvikling, også kalla Distriktssenteret, er eit forvaltningsorgan under Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD), med 26 tilsette fordelt på kontor i Sogndal, Steinkjer og Alstahaug. Møre og Romsdal fylkeskommune har hatt ulike versjonar av samarbeidsavtalar med Distriktssenteret sidan 2010.

Bedt om å samarbeide

Møre og Romsdal fylkeskommune og Distriktssenteret har begge oppdrag frå Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) innanfor den nasjonale distrikts- og regionalpolitikken, og dei er av KDD bedt om å samarbeide for å fremje lokal samfunnsutvikling i distriktskommunar.

Fylkeskommunedirektøren skriv i saksframlegget at det tette samarbeidet med utvalde distriktskommunar vil halde fram også i komande avtaleperiode. Gjennom prosjektet «Tett på» saman med Statsforvaltaren, vil fylkeskommunen og Distriktssenteret prøve ut nye arbeidsmåtar, særleg med fokus på politikaropplæring innan planlegging og samfunnsutvikling. I tillegg vil dei to kommunane i regjeringa sitt program for «Bygdevekst», Aure og Smøla, få særskild oppfølging. Det same gjeld kommunane Gjemnes, Rauma og Fjord som nyleg fekk støtte frå Husbanken til bustadtiltak i distrikta.

Alt å tene på at kommunane lukkast

«Utviklinga av Møre og Romsdal står på skuldrane av samfunnsutviklinga i kommunane. Vi har difor alt å tene på at kommunane lukkast med sitt arbeid, og denne samarbeidsavtalen med Distriktssenteret kan bidra til det», skriv fylkeskommunedirektøren.

Samarbeidsavtalen har ingen direkte økonomiske konsekvensar for fylkeskommunen.

Møtedokument for kultur- og folkehelseutvalet sitt møte tysdag 10. september 2024.

Møtedokument for kompetanse- og næringsutvalet sitt møte torsdag 12. september 2024.