Vil skape utvikling i Hustadvika

Kompetanse- og næringsutvalet gir grønt lys for eit nytt utviklingsprogram som skal samle krefter, styrke næringslivet og gjere Hustadvika meir attraktiv å bu og arbeide i fram mot 2040.

Oversiktsbilde av Malmefjorden. - Klikk for stort bileteMalmefjorden i Huistadvika. Line Thorvik Thue

Utvalet vedtok einstemmig i møtet 11. juni å støtte oppstarten av prosjektet Hustadvika 2040 med inntil 3 millionar kroner i 2026 og 2027. Målet er å styrke utviklingskrafta og legge til rette for vekst i næringslivet.

Samlar kommunen om felles retning

Prosjektet byggjer på eit breitt forarbeid og skal samle næringsliv, frivillig sektor og innbyggjarar om ei felles retning. Det skal gi betre samarbeid, fleire utviklingsinitiativ og meir attraktive lokalsamfunn. Visjonen er «Rett ryggen no, sjå lenger fram» henta frå teksten Edvard Hoem skreiv då Hustadvika kommune vart etablert.  

Tre satsingsområde

Utvalet prioriterer tre område:

  • attraktive bumiljø og høgare bulyst
  • sterkare samhandling og felles identitet
  • utvikling og vekst i næringslivet

Eit mål er tettare samarbeid mellom kommune og næringsliv, og betre tilgang på kompetent arbeidskraft.

Ber om tydeleg prioritering

Fylkeskommunedirektøren tilrår støtte, men peikar på behov for klarare prioriteringar. Handlingsplanen har mange tiltak, og det må veljast kva som kjem først.

Eit anna råd er at prosjektet må også teste nye arbeidsmåtar og samarbeidsformer, og kutte tiltak som ikkje gir resultat.

Fylkeskommunedirektøren oppmodar vidare til å:

  • utvikle betre måling av effekt
  • ikkje overdrive bruken av  lokale støtteordningar
  • samarbeide tettare med nabokommunar og regionale miljø

Ho peikar og på at ungdomsmedverknad er eit viktig satsingsområde.

Skal gi reell utvikling

Hustadvika 2040 skal bidra til utvikling utover vanleg drift, og gi rom for nye løysingar og samarbeid.

Tilskotet dekker inntil 50 prosent av kostnadene .

Saksframlegg og møteprotokoll frå kompetanse- og næringsutvalet sitt møte 11. juni