Vil støtte verdiskaping og prosjekt for å blåse liv i Den Trondhjemske postveg

No har kommunane og andre aktørar moglegheit til å søke tilskot til prosjekt eller tiltak som bidrar til verdiskaping og utvikling langs Den Trondhjemske postveg i Møre og Romsdal.

Mann med ryggsekk går over ei gammal steinbru, med snødekte fjelltoppar i bakgrunnen. - Klikk for stort bileteMads Heggen fekk tilskot til å gå heile postvegen, frå Bergen til Trondheim, i 2021. Her er han på veg over gamle Horndøla bru i Hornindal i Volda kommune. Martin Gjellestad

Tilskotsordninga er ein del av det nasjonale postvegprosjektet, som er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal, Trøndelag og Vestland fylkeskommunar og Statens vegvesen. Ordninga gir støtte til gode prosjekt i Tingvoll, Surnadal, Gjemnes, Molde, Vestnes, Ålesund, Stranda eller Volda, som postveien går gjennom. Både museum, frivillige lag og organisasjonar, offentlege og private verksemder og privatpersonar kan søke.

Frå historie til oppleving

- Hovudmålet med prosjektet er å utvikle postvegen som eit nasjonalt kulturmiljø og skape nye aktivitetar med utgangspunkt i lokale strekningar og kulturmiljøet rundt. Prosjektet skal bidra til større merksemd og verdiskaping langs Den Trondhjemske postveg, som går mellom Bergen og Trondheim, seier Tore Bugge Pedersen, prosjektleiar for nasjonalt postvegprosjekt.

Vil gi støtte til lokale initiativ 

Kommunane langs postvegen kan søke om støtte til aktivitetar som bidreg til å skape verdi lokalt, med utgangspunkt i postvegen som kulturmiljø. Dette kan vere ulike typar arrangement, småskala næringsutvikling, produksjon av lokalmat og reiseliv.

Dei kan også søke om støtte til ulike lokale prosjekt og tiltak som
•    kartlegging og tilstandsregistrering av postvegen.
•    samarbeid med frivillige organisasjonar for skjøtsel og skilting.
•    formidlingsprosjekt som kunst, film, vandreteater og VR-prosjekt.
•    utvikling av turskilt og andre tiltak som fremmer postvegen som turmål.

– Dette er ein unik moglegheit til å bidra til å bevare og utvikle ein viktig del av vår kulturarv. Ved å søke tilskot kan du vere med på å skape nye opplevingar og aktivitetar langs postvegen, og samtidig styrke lokalsamfunnet, seier Bugge Pedersen.

Søknadsfristen er tysdag 10. juni. Du finn meir informasjon og lenke til søknadsskjema på nettsida til Møre og Romsdal fylkeskommune.