Vil styrke kulturens rolle i samfunnsutviklinga – inviterer til høyring

Møre og Romsdal fylkeskommune legg no fram forslaget til Fylkesstrategi for kultur 2026–2029 – «Meining, meistring og motstandskraft». No inviterer vi kommunar, organisasjonar, frivillig sektor og innbyggarar til å komme med innspel innan 13. april 2026.

Strategien skal sette retning for kulturpolitikken dei neste fire åra og bygger på eit omfattande kunnskapsgrunnlag og brei medverknad frå heile fylket.

Les Fylkesstrategi for kultur 2026–2029

Fylkesutvalet vedtok 23. februar at forslaget skal sendast på offentleg høyring i samsvar med plan- og bygningslova. Same tilråding kom frå dei politiske råda og utvala som har behandla saka; alle gav si støtte gjennom samrøystes vedtak.

Tek utgangspunkt i store samfunnsutfordringar

Den nye kulturstrategien skil seg frå den førre ved å vere meir tverrfagleg og tydeleg retta mot samfunnsutfordringar som sosiale skilnader, utanforskap, demografisk utvikling, klimaendringar, beredskap, demokrati og pressa offentleg økonomi. Målsettinga er at strategien skal bidra til at kulturfeltet får ein tydelegare rolle i den regionale samfunnsutviklinga. Strategien har tre hovudtema:

  • Inkludering og livskvalitet
  • Verdiskaping og stadutvikling
  • Perspektiv og motstandskraft

Kunnskapsgrunnlaget peikar blant anna på at kulturdeltaking styrkar helse, fellesskap, identitet og lokalt engasjement – og at kultursektoren kan vere ein viktig del av løysinga på fleire av dei utfordringane fylket står i.

Bygger på brei medverknad

I arbeidet har fylkeskommunen henta inn innspel frå kommunar, kulturaktørar, frivillig sektor, ungdom, innvandrarar og fagmiljø. Barnehageborn frå heile fylket har bidratt med illustrasjonar til strategien, og ei eiga referansegruppe har sikra brei fagleg kvalitet.

Slik sender du innspel

Alle som ønsker å uttale seg kan sende eit skriftleg innspel via skjemaet som du finn på denne sida.