Vil undersøke ruinar frå mellomalderen på Ulstein og Herøy

Fylkeskommunen har fått 251.000 kroner frå Riksantikvaren til å undersøke mellomalderruinar på Ulstein og Herøy kyrkjegard.

Arve Nytun,  arkeolog i Møre og Romsdal fylkeskommune, og kollegaene hans, vil etter påske starte undersøkingane med georadar – arkeologen sitt ekkolodd.

- Kva trur du at du vil finne?

- Vi veit at det skal ligge restar av kyrkjeruinar både på Ulstein og i Herøy, og på 70-talet vart det gjort arkeologiske undersøkingar i delar av områda. No vil vi gå over større felt for å sjå kva vi klarer å påvise med georadar. Undersøkingane kan avdekke delar av ruinane vi ikkje har kjennskap til, og andre større strukturar. Vi kan også avdekke graver, og eventuelt andre bygningar som stod her før kyrkjene. Likevel er hovudmålet vårt å få mest best mogeleg kunnskap om sjølve ruinane, kva som er att av dei, og korleis vi skal bevare dei best mogeleg for ettertida, seier Nytun. 

mann i gul uniform køyrer eit verktøy over bakken, som ein grasklippar, over ein grasplen.  - Klikk for stort bileteArkeolog i Møre og Romsdal fylkeskommune, Arve Nytun, startar undersøkingar med georadar etter påske. Maren Stokke

Felles for begge stadane var at kyrkjene som stod her truleg vart bygd på 1100-talet, og deretter rivne på 1800-talet. Alt som er att er ruinar under markoverflata. Då det vart gjennomført arkeologiske utgravingar i 1974, blei det funne murar, brynesteinar, myntar frå 1600-talet samt kleberstein og andre gjenstandar. 

-  Sjølv om det har blitt gjennomført utgravingar, er vi svært spente på kva georadaren kan avdekke, seier arkeolog og prosjektleiar for undersøkingane Arve Eiken Nytun.

Metoden eignar seg godt til å undersøke større strukturar.

-  Ved å bruke denne metoden kan vi få eit innblikk i kor store delar av ruinane som er bevarte under bakken, og kor mykje som er øydelagt gjennom seinare aktivitet. Det kan også gi oss informasjon om kvifor kyrkjene vart bygde nett her, seier Nytun 

Rituelt sentrum

Bildet viser gammal kyrkjegård med tre nokre lauvtre og eldre gravstøtter, med utsikt mot fjorden. - Klikk for stort biletePå Herøy gamle kyrkjestad har det stått ei steinkyrkje frå mellomalderen. No skal arkeologar undersøke området med georadar. Eileen Gjerde

Det som er spesielt særleg på  Ulstein i området rundt kyrkjegarden, er at det er funne mange forhistoriske graver frå før 1030,  altså frå før kristninga.

-  Det viser at det har vore eit sentrum her. Vi ser ofte at kyrkjene vart plasserte på område som allereie vart brukt til forhistoriske gravplassar og som hadde ein rituell funksjon.

- Skiljet mellom før og etter kristendommen er ikkje så skarpt som ein kunne tru, det er meir ein gradvis overgang. Den nye religionen måtte tilpasse seg samfunnet som var, seier Nytun.

I tillegg til midlane til georadar, er det også gitt midlar til Viti (Sunnmøre Museum) for skjøtsel og vedlikehald av kyrkjeruinen etter Margaretakyrkja, som ligg ved Mellomaldermuseet på Borgund

Viktig for klimaendringar

Kvart år gir Riksantikvaren ut midlar til kartlegging, konservering og tilrettelegging av ruinar frå mellomalderen i Noreg. 

-Riksantikvaren er glad for at Møre og Romsdal fylkeskommune har tatt initiativet til å kartlegge ruinar under bakken og vidareføre skjøtsel på ruinen av Margaretakyrkja. Begge tiltaka er viktige i seg sjølv for å sikre kulturminna, men enda viktigare i eit langsiktig klimaperspektiv, seier riksantikvar Hanna Geiran i ei pressemelding frå Riksantikvaren.

På undersøkingane med georadar vil arkeologar frå  Vestland fylkeskommune delta for å lære av metoden. Arkeologar frå Møre og Romsdal vil seinare dra til Vestland for erfaringsutveksling, og bidra med georadarundersøkingar på Agatunet.