Vil vise kva som skjer med innspela frå ungdommen

Fylkestinget vedtok onsdag nye grep som skal gjere det tydeleg kva Ungdommens fylkesråd meiner, og kva som skjer med innspela deira.

Tre ungdommar.  - Klikk for stort bileteUngdommens fylkesråd til stades i fylkestinget. Frå venstre Sandra Hjelvik, nestleiar Kenni Dogbey og leiar Lisa Marie Nikolaisen Roald. Per-Kristian Bratteng

Ungdommens fylkesråd skal bli meir synleg i politiske saker som handlar om ungdom. Alle slike saker skal ha eit eige avsnitt i sakspapira der det står kva rådet meiner.

Fylkeskommunen skal også kvart år lage ei oversikt over alle uttalene frå Ungdommens fylkesråd og kva som skjedde med dei.

Fylkestinget vedtok dette med 37 mot 10 stemmer.

Utfordra fylkestinget på reell påverknad

I ungdommens spørjetime utfordra Kenni Dogbey, nestleiar i Ungdommens fylkesråd, politikarane på kva ungdomsmedverknaden faktisk fører til.

To kvinner på talarstolen. - Klikk for stort bileteLeiar i Ungdommens fylkesråd Lisa Marie Nikolaisen Roald (til venstre) og nestleiar Kenni Dogbey. Per-Kristian Bratteng

– Kva er møte- og talerett verdt dersom stemma vår ikkje får moglegheit til å påverke det som til slutt blir bestemt? Ofte er det tanken som tel, men når det gjeld ungdomsmedverknad, så er det handling som gjer det, sa Dogbey frå talarstolen i fylkestinget.

Ho peika på at ungdomsmedverknad ikkje berre handlar om å få komme inn i møterommet. Ungdommens fylkesråd vil også kunne sjå kva politikarane gjer med innspela etterpå.

Ville vite kva politikarane har gjort

Lisa Marie Nikolaisen Roald, leiar i Ungdommens fylkesråd, utfordra samtidig partia på kva dei konkret har gjort for ungdom det siste året.

Ho viste til at 4.409 unge mellom 15 og 29 år stod utanfor arbeid, utdanning og tiltak i 2024. Partia fekk spørsmål om kva tiltak dei har gjennomført for å ta vare på ungdom, førebygge utanforskap og gjere Møre og Romsdal til ein stad der unge ønsker å bli eller komme tilbake til.

– Det er lett å snakke om at ungdom er framtida. Men vi er her allereie.

Kvinne på talarstolen. - Klikk for stort bileteSandra Hjelvik la fram fire område dei meiner fylkestinget bør prioritere i budsjettet. Per-Kristian Bratteng

Fire prioriteringar til budsjettet

Sandra Hjelvik løfta på vegner av Ungdommens fylkesråd fram fire område dei meiner fylkestinget bør prioritere i budsjettet:

  • Mobilitet og deltaking
  • Ein skole der elevane kan lykkast
  • Førebygging av utanforskap
  • Trygg skoleveg og betre trafikktryggleik