Vinterpause for arbeidet med Trollstigen

Arbeidet med strakstiltak for skredsikring har gått føre seg jamnt og trutt sidan juli. No settast det luftige arbeidet på pause i påvente av snø og vinter.  

Trollstigen med snø - Klikk for stort bileteVinteren kjem til Trollstigen. Risa AS

Det har vore ein utfordrande jobb med fjellrensk- og sikringsarbeid i fjellsida Kjelstadlinja midt i Trollstigen. Entreprenøren Risa har jobba seg nedover fjellsida ved hjelp av klatrarar, vasspyling frå helikopter, maskiner og andre tiltak.  

Kristian Bjørdal, byggleiar Møre og Romsdal fylkeskommune, seier det at jobben har vore krevjande, men det er god framdrift i arbeidet.

 – Entreprenøren Risa AS har jobba seg godt nedover fjellveggen, men det er krevjande terreng og jobbe i sjølv når det ikkje er snø.  

 – Mykje snø og vedvarande minusgrader er ikkje er foreinleg med arbeid. Vi pakkar no ned og skal klargjere området før vinteren kjem for alvor, seier han.  

Arbeidet med skredsikring blir starta opp igjen til våren, men dato er usikker. Den kjem an på veret. Vegen opp til Trollstigplatået er også vinterstengt frå 28. oktober.

Målet er å opne Trollstigen i turistsesongen 2025.