Viste fram sirkulærøkonomi frå Møre og Romsdal i Brussel

Under EU Green Week delte fylkeskommunen korleis sirkulærøkonomi kan gi både grønare næringsliv og meir robuste lokalsamfunn.

Fire personar sit med mikrofonar og svarar på spørsmål, med ein grøn bakvegg. - Klikk for stort bileteIngrid Hansgård Gjelsvik og Martin Ose presenterte korleis Møre og Romsdal fylkeskommune jobbar med industriell symbiose på Eu Green Week Møre og Romsdal fylkeskommune

Møre og Romsdal fylkeskommune deltok nyleg på årets EU Green Week i Brussel, den største miljøkonferansen i EU, for å dele erfaringar med sirkulærøkonomi og industriell symbiose. Invitasjonen kom frå Circular Cities and Regions Initiative (CCRI)-nettverket, som fylket er medlem av.
Temaet for 2025 er «Circular Solutions for a Competitive EU» – med vekt på korleis sirkulærøkonomi kan styrke både konkurransekraft og bereevne i Europa.

– Vi er stolte av å få vise fram noko av det vi får til i lag med kommunar, næringsliv og andre aktørar i fylket, seier Solveig Stornes, prosjektleiar for sirkulærøkonomi i fylkeskommunen.

Sirkulærøkonomi = konkurransekraft og innovasjon

Ingrid Hansgård Gjelsvik og Martin Ose presenterte korleis Møre og Romsdal fylkeskommune jobbar saman med Innovasjon Norge i satsinga på industriell symbiose, gjennom samarbeid, finansielle støtteordningar og kompetanseheving, blant anna gjennom Skaparkraft. Dei la vekt på korleis industriell symbiose kan bidra til både grøn omstilling og økonomisk motstandskraft. Eit bodskap var at samarbeid om bruk av restressursar, som varme, vatn eller materiale, fører til mindre sløsing og meir verdiskaping. Ein blir også mindre avhengig av tilførsel av ressursar utanfrå. 
– Vi ser at sirkulærøkonomi ikkje berre handlar om miljø. Det handlar også om jobbar, tryggleik og lokal utvikling. Det gjer regionen vår meir robust, og det gjer næringslivet meir konkurransedyktig, seier Ose

Mot ei grøn og sterk framtid

Deltakinga på EU Green Week gav både inspirasjon, kunnskapsheving og nye kontaktar – og viser at Møre og Romsdal er ein aktiv medspelar i den grøne omstillinga i Europa.
-    Vi ser at fokuset på sirkulærøkonomi ofte blir urbane områder. Det er viktig at stader som her med utfordringar som store avstandar og store moglegheiter i form av innovativ, verdensleiande industri også blir ein del av diskusjonen, seier Solveig Stornes.