Voksa ferjekai: Viktig milepæl i arbeidet er nådd

Ferjekaia skal bli heilt ny, og arbeidet har gått føre sidan juni 2023. No er det omfattande arbeidet med støyping på land ferdig. 

ferjekai sett frå ferja - Klikk for stort bileteBetongarbeidet på land er ferdig på den nye Voksa ferjekai. Else Britt Ervik

Alt betongarbeidet på land er ferdigstilt, men det ligg mykje arbeid under overflata. 

- Dette er ein viktig milepæl i framdrifta, seier byggeleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Andreas Brekke.  

Arbeidet som er gjort så langt er å utdjupe hamna med graving frå lekter og sprenging under vatn. I tillegg er det bora ned fjellboltar for fundamentering av kaia. Det er og lagt nye trekkerøyr for vatn- og eltilførsel.  

Større ferje på sambandet

Alle dei fire kaiene i sambandet Larsnes, Åram, Voksa og Kvamsøy står ovanfor nødvendig oppgradering. Frå 2025 blir det sett inn større ferje med kapasitet på 50 personbilar. Voksa og Larsnes får heilt nye ferjekaier.  

- Det er litt arbeid igjen, men både Voksa og Kvamsøy skal vere ferdig i god tid før sommarsesongen, lovar Brekke.  

- Entreprenøren Aurstad Tunnel AS har jobba bra, og vi ser fram til neste steg i prosjektet.

Møre og Romsdal fylkeskommune er byggherre på prosjektet som utførast i samarbeid med entreprenør Aurstad Tunnel AS. Etter planen skal arbeidet med alle kaiene være ferdig ved utgangen av 2024. 

Sjå bilde frå arbeidet: