Samferdselsutvalet får saka til behandling 17. september.
Transportordninga for personar med nedsett funksjonsevne (TT-ordninga) har sidan 2024 vore gjennom ei omfattande omlegging med budsjettkutt og strammare vilkår. Konsekvensane har vore merkbare: Talet på brukarar er redusert med over 60 prosent, og berre to tredelar av dei tildelte midlane er brukt så langt i 2025.
Kommunane har hatt ansvar for brukargodkjenning og klagebehandling, men fleire melder om ressursmangel og ujamn praksis. Hustadvika kommune har bedt om at fylkeskommunen overtek ansvaret frå 2026. Dette er eit prinsipielt spørsmål som må avgjerast i fylkestinget, og fylkeskommunedirektøren ønsker derfor å greie ut ulike modellar – frå kommunal og delt ansvar til full fylkeskommunal administrering.
Saka om TT-ordninga skal etter behandlinga i samferdselsutvalet vidare til fylkesutvalet, før endeleg vedtak i fylkestinget.
På mrfylke.no kan du lese møteinnkalling, saksliste og saksframlegg for samferdselsutvalet 17. september.