Ungdommens fylkesrådGjennom Ungdommens fylkesråd skal ungdom i Møre og Romsdal ha reell medverknad, påverke politiske saker i fylkeskommunen, auke ungdommar sitt samfunnsengasjement og bidra til opplæring og erfaring i demokratiske prosessar. UNG stemme 2024-2026 (PDF, 7 MB)Møteplan Sjå alle møta i ungdommens fylkesrådUngdomspanelet endra namn til Ungdommens fylkesråd i april 2025. Sakspapir og protokollar frå Undomspanelet kan du lese i møteplana.Medlemer Ungdommens fylkesråd skal vere eit rådgivande organ for Møre og Romsdal fylkeskommune i alle saker som gjeld ungdom, og kan sjølv ta opp saker dei ønsker fremme for administrasjonen eller politiske organ i fylkeskommunen.Ungdommens fylkesråd blir valt blant delegatane på ungdommens fylkesting og det sittande rådet. Alle dei tre regionane skal vere representert, og det skal vere kjønnsbalanse jf. likestillingslova § 28. Det bør vere ei balansert samansetting frå by og land. Les meir om ungdommens fylkestingReglement for ungdommens fylkesrådSøk på ungdomsmidlanePressebilde av ungdommens fylkesråd finn du i FotoWeb