Møteplan
Medlemer
Ungdommens fylkesråd skal vere eit rådgivande organ for Møre og Romsdal fylkeskommune i alle saker som gjeld ungdom, og kan sjølv ta opp saker dei ønsker fremme for administrasjonen eller politiske organ i fylkeskommunen.
Ungdommens fylkesråd skal ha ni medlemmar og fem varamedlemmar. Ungdommens fylkesting tilrår medlemmar og varamedlemmar samt leiar og nestleiar. Tilrådinga går til fylkestinget som vel Ungdommens fylkesråd.
Ungdommens fylkesråd blir valt blant delegatane på ungdommens fylkesting og det sittande rådet. Alle dei tre regionane skal vere representert, og det skal vere kjønnsbalanse jf. likestillingslova § 28. Det bør vere ei balansert samansetting frå by og land. Ungdommens fylkeråd vel leiar og nestleiar blant medlemmene.
Les meir om ungdommens fylkesting
Reglement for ungdomspanelet
Søk på ungdomsmidlane
Pressebilde av Ungdommens fylkesråd finn du i FotoWeb