Ungdommens fylkestingUngdommens fylkesting (UFT) er ungdommane sitt øvste politiske organ i fylket. Dei diskuterer viktige saker som gjeld ungdom i fylket. I tillegg vel dei ungdommens fylkesråd (UFR) som sitt som arbeidsutval. Ungdommens fylkesting 2026Ungdommens fylkesting blir arrangert i Molde 13.-15. mars. Kommunar har fått påmeldingsskjema på e-post. Lag og organisasjonar kan også søke om å delta med å bruke skjemaet under: Send inn søknad for å delta innan 13. februarPrisen Årets ungdomsråd i Møre og Romsdal blir delt ut under fylkestinget.Send inn nominasjon til Årets ungdomsråd (frist 1. mars) På UFT blir ein ny versjon av UNG stemme utarbeidd og vedtatt. UFR rapporterer til UFT om arbeidet sitt siste året. Kvart år blir det invitert ulike gjester som stiller med kunnskap og engasjement. Kommunane i Møre og Romsdal blir invitert til å sende to delegatar til ungdommens fylkesting. Kommunar større enn 20 000 innbyggarar får sende tre delegatar.Det er 10 plassar som lag og organisasjonar kan søke på for å delta på ungdommens fylkesting. Desse delegatane har røyste-, tale- og forslagsrett.Gjennom UFT og UFR skal ungdom i Møre og Romsdal få reel medverknad, kunne påverke politiske saker i fylket og auke ungdommens samfunnsengasjement. UFT og UFR skal stimulerer til politisk engasjement samt få opplæring og erfaring i demokratiske prosessar.Reglement for ungdommens fylkesting