Kva er ABC?
ABC for god psykisk helse bygger på eit kunnskapsbasert rammeverk utvikla ved Curtin University i Australia og blir brukt i fleire land. ABC står for Act, Belong, Commit. Omsett til nynorsk blir det å gjere noko aktivt, saman og meiningsfullt – tre enkle grep som forsking har vist at har stor betydning for livskvaliteten og den psykiske helsa vår. Dette er kjernen i ABC-modellen.
Vi har laga to filmar som viser enkle grep du sjølv kan gjere for å styrke den psykiske helsa. Filmane er laga med støtte frå Helsedirektoratet for kampanjen ABC for god pyskisk helse.
Kva er målet med ABC?
Målet med ABC er todelt:
- At fleire skal høyre om ABC – og forstå kva som kan styrke den psykiske helsa vår
- At fleire skal gjere ABC – og ta grep i kvardagen som fremmer trivsel og meistring
Kampanjen skal bidra til at kunnskap blir til handling og at moglegheitene for helsefremmande aktivitetar blir synleggjort og styrka – både regionalt og lokalt.
ABC i Noreg og i Møre og Romsdal
Trøndelag fylkeskommune har vore nasjonal pilot for ABC i Noreg og den norske modellen bygger vidare på erfaringane dei har gjort. Dette kan du lese meir om ved å følge denne lenka.
I 2025 er kampanjen rulla ut nasjonalt, med Helsedirektoratet som ansvarleg for det nasjonale informasjonsarbeidet. Samtidig har fylkeskommunane fått ei sentral rolle i å tilrettelegge innsatsen lokalt og regionalt.
Målgruppa for innsatsen vår er kommunane, frivillige organisasjonar og andre aktørar fylkeskommunen samarbeider med. Den endelege målgruppa er heile befolkninga, med god ivaretaking av barn og unge, eldre og minoritetsgrupper. I første fase vil vi ha eit sterkt søkjelys på innsatsområdet frivillig sektor for å innføre ABC.
Møre og Romsdal fylkeskommune har fått tildelt 1,6 millionar kroner frå Helsedirektoratet og har sett av 1 million kroner til ei eiga tilskotsordning for å støtte pilotprosjekt som vil prøve ut ABC i praksis.
Du kan lese meir på nettsida til Helsedirektoratet.
1 mill. kroner til pilotprosjekt
Hausten 2025 ga fylkeskommunen støtte til fem pilotar som vil prøve ut metodar for å informere om (HØYRE) og forankre og prøve ut (GJERE) ABC i sitt arbeid. Dei skal bidra til å sette søkelys på verdien av ABC i frivillig sektor.
Pilotane skal utforske korleis ABC kan bli ein naturleg del av det dei allereie gjer – og finne gode måtar å synleggjere og styrke psykisk helsefremmande aktivitet i kvardagen. Vi ønsker ei meir systematisk utprøving av både informasjon og aktivitet i tråd med ABC-modellen.
Fjord kommune, tildelt 150 000 kr i støtte, skal jobbe med auke kompetanse og spreie kunnskap blant innbyggarane og tilsette om aktivitetar som styrker livskvaliteten og den psykisk helsa. Dei skal samarbeide med frivilligheita og næringslivet om å skape møteplassar i kommunen.
4H Møre og Romsdal, tildelt 50 000 kr i støtte, skal introdusere ABC til rådgivarane og styra i dei 33 klubbane, og produsere ABC-sett til klubbane og i lokalmiljøa.
Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, tildelt 250 000 kr i støtte, skal blant anna vere ambassadørar for ABC gjennom 13 medlemskommunar og ta i bruk metodikken alle aktivitetsprosjekta dei har. Dei skal også innlemme ABC i alle informasjonsflatene dei brukar.
NaKuHel Sunnmøre, tildelt 250 000 kr i støtte, skal ha eit ABC-pilotprosjekt i Sande og Ulstein kommune der dei vil lage eit interkommunalt ABC-nettverk og gjennomføre aktivitetar. I tillegg vil dei sette i verk eit prøveprosjekt i ‘sosial resept’ som skal følgast opp gjennom forsking.
Nettverk for frivilligsentralane i Romsdal og Nordmøre, kor Molde kommune står som søkar, er tildelt 300 000 kr i støtte. Nettverket skal engasjere dei 15 frivilligsentralane til å etablere nye møteplassar der dei skal bruke ABC-verktøyet. Dei skal vere bindeledd mellom kommunane og frivillig sektor og jobbe med å informere om ABC for god psykisk helse.
Kvifor hadde vi søkelys på frivillig sektor?
Frivillige tek allereie eit stort ABC-ansvar, ved å tilby møteplassar og aktivitetar for folk i alle aldrar. Gjennom ordninga ønska vi å løfte fram og støtte dette arbeidet. Da kunne vi også bidra til at det blir enda meir systematisk, inkluderande og synleg.
Vi inviterer frivilligheita og kommunane til å bli kjent med ABC-modellen og vere med på å utvikle det vidare i fylket vårt.
Les meir
ABC for god psykisk helse: Slik kan du ha det bra i kvardagen