Frisklivs-, lærings- og meistringstilbod

Frisklivsentralen skal gjennom samhandling med andre aktørar sørge for førebyggjande tenester av god kvalitet og vere ein samarbeidspartnar i kommunen sitt folkehelsearbeid.

I Møre og Romsdal har vi tolv frisklivssentralar:
Aukra, Aure, Fjord, Hustadvika, Kristiansund, Molde, Rauma, Smøla, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta.

Friskliv og Mestring i Kristiansund vart i mai 2017 tildelt rolla som Utviklingssentral for frisklivssentraler. Saman med Verdal har Friskliv og Mestring ansvar for Region Midt Norge. Utviklingssentralen tilbyr mellom anna hospitering, tek imot førespurnadar frå kommunar og andre frisklivssentralar, bidreg aktivt i idébanken for frisklivssentralar og spreier aktuell informasjon frå Helsedirektoratet.

Kommunar kan også søke om tilskot til å få etablert og utvikla frisklivs-, lærings- og meistringstilbod. Tilskotet skal stimulere til utvikling av kommunale helse- og omsorgstenester. 

Søk om tilskot til frisklivs-, lærings- og meistringstilbod her