Tilskot til etablering og utvikling av kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilbod

Kommunar kan søke om støtte til etablering og vidare utvikling av kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilbod som bidreg til å fremme helse og livskvalitet, forebygge sjukdom, tidleg intervensjon, og til at brukarane lærer å meistre livet med sjukdom.

Kva kan du søke støtte til?

Du kan søke om tilskot til å etablere og utvikle frisklivs-, meistring og læringstiltak for personar 

  • som har auka risiko for eller har utvikla samansette helseplagar og kronisk sjukdom
  • som treng hjelp til å endre levevaner og meistre livet med sjukdom og plager.

Møre og Romsdal fekk tildelt 1,7 millionar til å fordele til kommunane i denne ordninga, og beløpet er truleg det same i år.

Kven kan søke om støtte?

Kommunane i Møre og Romsdal

Formål

Tilskotet skal stimulere til utvikling av kommunale helse- og omsorgstenester. Det skal også fremme fysisk og psykisk helse, førebygge sjukdom, bidra til meistring av sjukdom og betra bruk av ressursar i helse- og omsorgstenestene.

Søknadsfrist

15. januar

Hugs at søknaden må ha underskrift av rådmann eller den som har myndigheit.

Saksbehandling

Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har normalt fire veker saksbehandlingstid, frå første kvardag etter søknadsfrist. Tildelingar skal behandlast politisk, i kultur- og folkehelseutvalet, og det må derfor bereknast lengre saksbehandlingstid. Søkarar får svar på søknaden sin etter behandlinga i februar eller mars.

Når søknaden din er ferdig behandla vil du få svar på søknaden din skriftleg. I tildelingsbrevet finn du opplysningar om tildelt sum og kva vilkår som må vere oppfylte før du kan få støtta utbetalt.

Retningslinjer

Vi anbefalar at du les retningslinjene for ordninga slik at du kjenner til kriteria for å få støtte.

Du kan finne retningslinjene og lese meir om ordninga på Helsedirektoratet sine nettsider.

Utbetaling

Tilskotsmidlar utbetalast så snart som mogleg etter at vi har fått stadfestinga returnert. Du finn det vedlagt i tildelingsbrevet. Kommunar som har fått tildelt midlar skal rapportere til fylkeskommunen innan 1. april året etter. Det skal rapporterast for kalenderåret, det vil seie per 31. desember året tilskuddet vart tildelt.

Rapportering

Følg denne lenka for å komme til rapporteringsskjema