Internasjonalisering på vidaregåande skole

Gjennom deltaking i internasjonale aktivitetar vil ein kunne auke kvaliteten i opplæringa, bidra til skoleutvikling og styrke læringsutbytte for elevar og tilsette.

De fleste vidaregåande skolar gjennomfører internasjonale aktivitetar for både elevar og tilsette, for eksempel utveksling av elevgrupper. 

gruppe ungdom foran en murbygning - Klikk for stort bileteElevar frå Spjelkavik vgs., Nederland og Belgia i Erasmus+ prosjekt. Bildet er tatt i byen Ieper, Belgia våren 2022. Spjelkavik vgs

VG2 i Skottland

Alle elevar som går studiespesialiserande kan ta heile VG2 i Skottland, og på den måten skaffe seg verdifull internasjonal studieerfaring. Etterpå kjem elevane tilbake og går VG3 i Noreg. Det er Haram vgs som administrerer tilbodet for alle elevar i Møre og Romsdal.

Les og søk om VG2 i Skottland (haram.vgs.no) 

Erasmus+

Internasjonale aktivitetar i vidaregåande skole blir finansiert gjennom Erasmus+, EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett. For å få midlar av Erasmus+ må skolen vere akkreditert. 

Nordplus

Nordplus støtter tiltak som styrker og utviklar det nordiske utdanningssamarbeidet. Gjennom Nordplus kan skoler få støtte til førebuande besøk, samarbeidsprosjekt og mobilitet. Alle land i Norden og Baltikum er med i Nordplus. Les meir på nettsidene til Nordplus. Vidaregåande skoler kan søke midlar via Nordplus junior.

Kompetanseheving for tilsette i opplæringa

Tilsette på skole kan reise på kompetansehevande tiltak som jobbskygging, hospitering, førebuande besøk eller faglege kurs til andre land i Europa. Dette blir organisert av skolen. 

Tilsette på opplæringskontor, faglege leiarar og instruktørar i lærebedrifter kan sjølve delta i kompetanseheving gjennom Læretid i Europa