Regional bibliotekutvikling

Bruk navigasjonen for å raskt finne fram til det du treng svar på.

Nettverk i ABM-sektoren

ABM-nettverket

ABM-nettverket i Møre og Romsdal er eit nettverk for alle tilsette i arkiv, bibliotek og museumssektoren i fylket. Nettverket er forum for samhandling, erfaringsdeling, kompetanseheving og anna nettverksbygging. Invitasjon til nettverkssamlingar blir sendt ut til tidlegare deltakarar på våre treff, men nettverket har sjølve ansvar for å dele invitasjonar i sine organisasjonar og gjere vurderingar på kven som skal delta i dei ulike møtepunkta og på dei ulike arrangementa.

Delingsnettverket for biblioteka i Møre og Romsdal

Delingsnettverket skal bidra til utveksling av erfaringar, idear, aktivitetar, arrangement, gode samarbeid og prosjektresultat. Folke- og VGS-bibliotek blir inviterte og kan bidra. Fylkeskommunen fasiliterer nettverksmøta, medan biblioteka sjølve bidrar med innhald. Gjennom nettverket skal biblioteka kunne inspirere og la seg inspirere om alt frå drift til prosjekt, faglege spørsmål og større satsingar.

Alle bibliotektilsette har moglegheit til å delta og dele. Kunnskap, deling og utlån av gode idear for alle i biblioteka er sentralt for vidare utvikling av feltet. I dette ligg difor ei forventing om at biblioteka distribuerer invitasjonar og informasjon om nettverket internt i eigen organisasjon.

Bli med – lån ut dine gode idear til andre! 

Forum for leseleiarar

Forumet er for dei som har gjennomført leseleiarkurs i metoden shared reading – samlesing. Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til digitale samlingar for inspirasjon og erfaringsutveksling. Ei samling kvart halvår er felles for leseleiarar i Møre og Romsdal og Trøndelag i samarbeid med Trøndelag fylkesbibliotek.  

Les meir om metoden shared reading på nettsida Bibliotekutvikling

Litteraturformidlingsnettverket i Møre og Romsdal

Nettverket vart etablert i juni 2021. Målet er å fremme samhandling og kompetansedeling mellom bibliotek og andre aktørar innan litteraturformidling i fylket. Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til ei samling i året i samarbeid med Bjørnsonfestivalen, Nynorsk kultursentrum og Norsk Forfattersentrum Midt-Norge. Samlinga kan anten vere fysisk eller digital.

Nettverk for barnebibliotekarar i Møre og Romsdal

Nettverket vart etablert for at bibliotektilsette som formidlar litteratur til barn lett skal kunne utveksle erfaringar og gode idear på tvers av kommunegrensene. Møre og Romsdal fylkeskommune tar initiativ til minst ei digital samling i halvåret, og biblioteka sjølve sørger elles for kontakten i nettverket etter behov.

Prosjekt og tiltak

Sommarles

Sommarles er biblioteka sin lesekampanje for barneskoleelevar i sommarferien.

Kampanjen varer frå 1. juni til 31. august. Deltakarane samlar poeng ved å løyse oppgåver, stikke innom det lokale biblioteket for å hente kodeord, og framfor alt lese og registrere så mange bøker dei berre orkar i sommarferien! Alle folkebiblioteka her i fylket er med i kampanjen. Møre og Romsdal fylkeskommune administrerer biblioteka si deltaking. Skoleelevar som ønsker å vere med på Sommarles kan kontakte folkebiblioteket i kommunen der dei bur.   

Les meir om prosjektet på nettsida til Sommarles

Litteraturhus Møre og Romsdal 

Litteraturhus i Møre og Romsdal er eit treårig prosjekt drive av Stiftelsen Bjørnsonfestivalen og Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur. Alle kommunane i fylket deltar og folkebiblioteka er lokale arrangørar.

 Møre og Romsdal fylkeskommune går inn med 700 000 kroner kvart av åra 2021–2023 og er representert i styringsgruppa.

Måla for Litteraturhus i Møre og Romsdal er at det skal vere eit tilbod for heile fylket som også når dei minste kommunane og biblioteka. Kommunane skal bidra økonomisk og formidlinga skal vere av litteratur på både bokmål og nynorsk. Definerte målgrupper er vaksne og barn, og som hovudregel skal tilbodet vere gratis for publikum. Det skal vere 3–5 arrangement til kvar kommune kvart år, der minst eitt av dei er for barn og minst eitt av dei er sakprosa. Overordna mål er at minst halvparten av tilbodet er på nynorsk i prosjektperioden. Programarbeidet skal vere i dialog med biblioteka.

Møre og Romsdal fylkeskommune ser Litteraturhus i Møre og Romsdal som eit viktig strategisk grep for litteraturformidlinga i fylket, og det blir vurdert om evalueringa etter avslutta prosjekt gir grunnlag for ei fast vidareføring frå 2024. 

Les meir om Litteraturhus i Møre og Romsdal

Samlesing – Shared Reading

I åra 2019–2022 samarbeidde Møre og Romsdal fylkeskommune med Trøndelag fylkesbibliotek og prosjektet “Litterære pusterom – shared reading for større livskvalitet”, som Sparebankstiftelsen SMN støtta med til saman 3 millionar kroner. I prosjektperioden vart det arrangert gratis leseleiarkurs i metoden shared reading for bibliotektilsette, frivillige, helsearbeidarar og andre i Møre og Romsdal og Trøndelag. 

Les sluttrapporten for prosjektet på nettsidene til Trøndelag fylkesbibliotek.

Møre og Romsdal fylkeskommune satsar etter prosjektet vidare på shared reading, samlesing på norsk. Dette gjer vi ved å invitere til digitale samlingar i Forum for leseleiarar, arrangere leseleiarkurs og å samarbeide med andre aktørar i eit nasjonalt nettverk. Meir informasjon om nettverket samlesing finn du på nettsida til Bibliotekutvikling, der ressursar og informasjon om arbeidet med shared reading i Noreg er samla. 

Uprisen

Uprisen er ungdomen si eiga kåring av årets beste ungdomsbok.

Kvart år deltar rundt 1000 ungdomar frå heile landet i kåringa. Arbeidet med å velje ut årets beste ungdomsbok går føre seg gjennom heile året, og det er ungdom som bestemmer i alle dei fire delane av prosessen.  

Møre og Romsdal fylkeskommune rekrutterer kvart år deltakarklasser frå fylket. Folkebiblioteka er tett på skolar i eigen kommune og kan gjerne formidle informasjon til aktuelle klasser før den årlege påmeldingsfristen 9. mai.    

Sjå informasjon om korleis klasser kan delta på Foreningen les sine nettsider om Uprisen.

Felles biblioteksystem

I løpet av 2024–2025 skal mesta alle folkebibliotek og VGS-bibliotek i Møre og Romsdal ta i bruk same biblioteksystem. 

Biblioteksystemet Cicero er levert av den danske leverandøren Systematic og er nytt i den norske marknaden. Anskaffinga er gjennomført av Deichman og aktuelle bibliotek i fylket har knytt seg til anskaffinga ved opsjonsavtale. For folkebibliotek er det den enkelte kommune som  inngår avtale med leverandør, medan fylkeskommunen inngår avtale for VGS-biblioteka.

I samband med nytt biblioteksystem vil fylkeskommunen koordinere eit felles arbeid for å utforske moglege synergiar og nye samarbeidsformer for biblioteka som inngår avtale. I denne prosessen er det også aktuelt å inkludere regionmusea og databasen MøreRom. 

Bok til alle-bibliotek

Bok til alle-biblioteka har bøker som er tilrettelagde for menneske med ulike lesevanskar og får tilsendt nye bøker frå foreningen Leser søker bok to gonger i året. Desse biblioteka engasjerer frivillige leseombod, som les for dei som ikkje kan lese sjølve. Folkebiblioteka i dei fleste kommunane i Møre og Romsdal er Bok til alle-bibliotek. Kontakt Møre og Romsdal fylkeskommune om ditt folkebibliotek ønsker å bli eit Bok til alle-bibliotek.  

Les meir om Bok til alle-bibliotek på "Leser søker bok" sine nettsider

Formidlingskompetanse i folkebibliotek

Samarbeidsprosjektet Formidlingskompetanse i folkebibliotek (FiF) har som mål å styrke formidlingskompetansen hos tilsette i folkebiblioteka over heile landet.

Prosjektet er støtta økonomisk av Nasjonalbiblioteket og er eit samarbeid mellom alle fylkeskommunane utanom Oslo. Oppstart var i 2021 og førebels varer prosjektet ut 2024.

I kompetansebanken på bibliotekutvikling.no ligg nettressursar og kurs lett tilgjengeleg for bibliotektilsette som ønsker å auke formidlingskompetansen sin.

Møre og Romsdal fylkeskommune koordinerer arbeidet på satsingsområdet Lesefellesskap og arrangement i FiF, og gjennomfører kompetansehevande tiltak for bibliotektilsette i Møre og Romsdal.

Les meir om prosjektet Formidlingskompetanse i folkebibliotek (FiF) på bibliotekutvikling sine nettsider

Fellestenester for folkebiblioteka i Møre og Romsdal

E-medium

Utlån av e-bøker er ein sentral del av utlånsverksemda til folkebibliotek og VGS-bibliotek. Kjøp av og tilgang til e-bøker er i Møre og Romsdal organisert som ei samanslutning av folkebibliotek og VGS-bibliotek, også kalla konsortium for e-medium.

Fylkeskommunen koordinerer konsortiet i Møre og Romsdal. Dette inkluderer forvalting av felles avtale om utlånsløysing for e-medium og innkjøp av e-bøker til felles samling for alle deltakande bibliotek i konsortiet. Val av titlar blir gjort av eiga innkjøpsgruppe med representantar frå biblioteka i konsortiet. Alle bibliotek som ønsker eit utvida tilbod, kan kjøpe e-bøker som berre kan lånast frå eiga samling.  

For avvik eller driftsfeil knytt til utlånsløysing for e-medium må du kontakte leverandør direkte. For spørsmål og felles avtale eller e-medium generelt, kan du kontakte fylkeskommunen.

Har du som lånar spørsmål om tilgang til e-bøker, kan du kontakte ditt lokale folkebibliotek eller skolebibliotek.

Les meir om biblioteka og skolane sin leverandør av e-medier og leseapp.

Transportordning og fjernlån

Fjernlån er ei viktig teneste frå biblioteka som gir god utnytting av felles bibliotekressursar. Fjernlån er samarbeid mellom bibliotek, der biblioteka stiller samlingane sine til disposisjon for lånarar ved andre bibliotek. Folkebiblioteka er etter folkebibliotekloven ledd i eit nasjonalt biblioteksystem, og skal følgje felles reglar om lånesamarbeid. Skolebibliotek er ikkje forplikta til å yte fjernlån til andre bibliotek, men har moglegheit til å delta i lånesamarbeidet.

Fylkeskommunen skal ivareta regionale bibliotekoppgåver, og kan som del av dette opprette avtalar om lånesamarbeid med ein eller fleire kommunar. I Møre og Romsdal forvaltar fylkeskommunen felles avtale om transportordning for å distribuere fjernlån. Avtalen gjeld folkebibliotek, VGS-bibliotek og UH-bibliotek i fylket, og legg til rette for samlingsdeling på tvers av bibliotektypar over heile landet. Deler av transportkostnadane blir subsidiert av fylkeskommunen.

For avvik eller driftsfeil knytt til transportordninga må du kontakte leverandør direkte. For spørsmål om felles avtale eller fjernlån generelt, kan du kontakte fylkeskommunen. 

Les meir om retningslinjene for fjernlån

Mørerom

Møre og Romsdal fylkeskommune driftar databasen MøreRom (lenke blir opna i ny fane). Dette er ein base der artiklar i sogelagsskrift frå heile fylket er gjort søkbare med autoriserte metadata som for eksempel emne, stad og bedriftsnamn. Ein kan søke i innhaldet i alle sogelagsskrift frå fylket samtidig. Basen dekker alt utgitt frå og med 2000 til og med 2018, samt ein del eldre skrift, om lag 40 000 postar.

Metadata er informasjon om artiklane som gjer dei lettare å søkje i. Du får ikkje tilgang til artiklane i seg sjølve, men dei kan bestillast i kopi.  

MøreRom inneheld også biografiske artiklar frå ein eldre manuell katalog som fanst på Ålesund bibliotek. Desse viser til avisartiklar om personar frå Sunnmøre i perioden ca. 1920–1980, totalt 18 000 postar. Her kan ein søke på personnamn og familienamn og finne nøyaktige opplysningar om kva avis artiklane står i.

MøreRom blir frå 2023 ikkje oppdatert med ny metadata. I samband med nytt biblioteksystem for biblioteka i fylket, blir det utforska moglegheiter for å vidareutvikle MøreRom dei komande åra. 

Bibliotek 24

Les meir om det digitale bibliotektilbodet bibliotek 24

Mediebanken

Mediebanken er eit felles verktøy for å dele, lagre og finne relevante foto og markedsmateriell.

Rettleiing og kontroll av folkebibliotekstatistikk

Alle kommunale og fylkeskommunale offentlege bibliotek skal kvart år rapportere inn statistikk til Nasjonalbiblioteket. Vi rettleier folkebiblioteka og kvalitetssikrar det som bli rapportert.

Statistikk skal leverast til Nasjonalbiblioteket på elektroniske skjema. Folkebibliotek har eiga underside der dei registrerer statistikken. Nasjonalbiblioteket sender ut informasjon om når skjema blir opna og om fristar for levering. 

Registrer og les statistikk hos Nasjonalbiblioteket

Nasjonalbiblioteket publiserer data frå heile landet på sine statistikksider.  Noko blir publisert i SSBs årlege Kulturstatistikk og i KOSTRA.

Eksterne nettressursar for bibliotekstatistikk

Oversikt over arrangement og kurs