Fornybare energikjelder
I Møre og Romsdal er kraftbehovet større enn produksjonen. Vi er berre om lag 60% sjølvforsynt, og gapet er forventa å auke i tida framover. Dei viktigaste fornybare energikjeldene i fylket er vind og vatn, med årsmiddelproduksjon på høvesvis omlag 0,4 TWh/år og 6,9 TWh/år. Ein stor andel av krafta vert brukt i kraftintensiv industri.
Fylkeskommunen vil arbeide for å auke produksjonen av kraft frå fornybare energikjelder, gjennom prosjekt og samarbeid med ulike aktørar.
- Under «Dokument» finn du utgreiingar om moglegheiter for ny fornybar kraftproduksjon
Petroleumsverksemd
I Møre og Romsdal finst både baseverksemd, energiknutepunkt og industrianlegg for naturgass.
Baseverksemd: Kristiansund (NorSea Vestbase) er ein av to basebyar i Noreg med ansvar for å forsyne olje- og gassverksemda i Norskehavet. På Kvernberget ligg det ein offshore helikopterbase som opererer i Norskehavet. Produksjon kjem frå 25 olje- og gassfelt.
Energiknutepunkt: Nyhamna på Aukra er ilandføringsstad for gass frå Ormen Lange-feltet, Dvalin og Aasta Hansteen og er ein av Nord-Europas største gassterminalar.
Tjeldbergodden Industrianlegg i Aure har tre fabrikker; metanolfabrikk, gassmottaksanlegg og luftgassfabrikk. Gassen kjem på Heidrun via Haltenpipe. Volumet av metanol er på 25 prosent av den samla metanolproduksjonen i Europa.
Som regional samfunnbyggar har fylkeskommunen ein viktig rolle knytt til forvaltning av petroleumsressursane, samstidig som ein ser framover mot ein diversifisert sokkel, med vekst innan havbruk, offshore vindparkar og mineralutvinning på havbotnen.