Skaparkraft – fornybar energiKommunar, næringsklynger m.fl. kan søke støtte til utviklingsprosjekt og til energiproduksjonsanalysarMålet med ordningaDet er underskot på elektrisk kraft i Møre og Romsdal. Ordninga har som mål å stimulere til auka produksjon av fornybar energi, og til bruk av fornybare energiberarar.Søk herKven kan søke?Kommunar, bedriftskonsortium, næringsklynger, utviklings- og innovasjonsselskap, næringsforeiningar, forskingsmiljø, UoH-sektorenKva kan du søke støtte til?Utviklingsprosjekt som legg til rette for ny produksjon av fornybar energi og bruk av fornybare energiberararGjennomføring av energiproduksjonsanalysar Vilkår du må vere merksam på Du kan søke om støtte til ekstraordinære utviklingskostnader, ikkje til ordinær drift. Vi støttar ikkje aktivitetar som alt er starta eller gjennomført.Tilskot frå fylkeskommunen er avgrensa til maksimalt 50 prosent av totalkostnad. Finansiering gjennom eige arbeid i prosjektet har ein timepris på 1,2 promille av årsløn, maksimalt 1 100 kroner per time. Vi kan betale ut 75 prosent av tilskotet undervegs i prosjektperioden, basert på innrapporterte kostnader. Ytterlegare vilkår vert gitt i tildelingsbrev.Søknader blir vurdert opp mot statstøtteregelverket, og alle opplysningar i søknad og saksbehandling er offentlege. Slik vurderer vi søknaden Alle søknader vert vurdert etter desse tre kriteria: Kvalitet og innovasjonRelevans i høve til utlysinga: «Treff» prosjektet utlysinga, og svarer det på vilkåra til ordninga?Innovasjon: Alle prosjekt må ha ei form for nyskaping eller stegvis utvikling, sjølv dei små. Der eit prosjekt liknar på noko som har blitt gjort før bør søknaden gjere greie for ulikskapar. Metode: Prosjektet skal ha eit klart mål og gode delmål, men skal også beskrive korleis dei vil oppnå desse og vise til smarte indikatorar for måloppnåing og effektar.Effekt og verdiskapingVerdi for søkaren og regionen: Det skal kome godt fram korleis prosjektet skal skape verdi for regionen, partnarskapet og søkaren. Prosjektet skal også vise korleis det svarar ut måla til regionen for grøn industrivekst, berekraftig utvikling eller andre område omfatta av regionale planar. Moglegheit for vidareutvikling: Det skal vere tydelege moglegheiter og planar for å ta prosjektet vidare etter sluttføring, gjerne ved å vise til større nasjonale og internasjonale ordningar, innhenting av privat kapital eller anna form for kommersialisering eller vidare verdiskaping. Kommunikasjon og kompetansedeling: Prosjektet skal vise til korleis prosjektet og resultata skal bli formidla til relevante målgrupper som næringsliv, lokalsamfunn og offentlege aktørar på måtar som engasjerer og skapar positive ringverknader og læring. For store prosjekt skal det vere utarbeidd ein kommunikasjonsplan. GjennomføringProsjektplan: Det skal kome tydeleg fram korleis prosjektet skal gå fram for å nå måla og delmåla som er definerte, gjerne i form av ulike arbeidspakker med ulike ansvarlege og prosjektfunksjonar. Risiko: Prosjektet skal drøfte særleg sannsynlege hindringar som kan oppstå og greie ut korleis desse bli førebygde og møtast for å minske risiko. Ressursbruk: Prosjektet skal ha eit realistisk budsjett. Budsjettet skal spegle partnarar og innsatsane deira, og skal også gjere tydeleg ulike finansieringskjelder. Alle søknader får ein karakter mellom 1-7 på kvart kriterium. Prosjektsøknader må få ein karakter på 4 eller betre på alle kriteria for å kvalifisere for tilskot.Søknader om tilskot på mindre enn 500 000 kroner blir vurderte av minst to saksbehandlarar i kompetanse- og næringsavdelinga. Søknader om 500 000 kroner eller meir blir vurderte av eit fagpanel før politisk behandling. Søknadsskjema og søknadsfrist For å søke må du fylle ut søknadsskjema og sende inn søknaden på tilskotsportalen www.regionalforvaltning.no Søknadar om tilskot på mindre enn 500 000 kroner har ingen søknadsfrist og vert behandla fortløpande av kompetanse- og næringsavdelinga i fylkeskommunen. Søknadar om 500 000 kroner eller meir i tilskot vert behandla politisk av kompetanse- og næringsutvalet, og må leverast innan ein av desse fristane: 1. april 2025 (blir behandla 8. mai)1. mai 2025 (blir behandla 5. juni)1. juli 2025 (blir behandla 18. september)15. september 2025 (blir behandla 23. oktober)1. november 2025 (blir behandla 4. desember) Fylkeskommunedirektøren kan bestemme at også søknader om mindre enn 500 000 kroner blir lagt fram for politisk behandling, dersom vedtaket krev politisk skjønn.