Søknadsskjema
Søknadar for laks, aure og regnbogeaure i sjø skal fremmast via «Min side». Det same gjeld søknader for andre artar. Søknadar om settefiskanlegg skal også søkast om på «Min side».
På nettsida til Fiskeridirektoratet finn du «Min side» og demonstrasjonsskjema for ulike søknadstypar. Sida inneheld også hjelpetekstar.
Gebyr
Saksbehandlingsgebyret for å søke om akvakulturløyve er 27 560 kroner. Gebyret må vere betalt før søknaden blir behandla.
Dersom du søker om løyve til fangstbasert akvakultur eller fiskepark er gebyret på 6 890 kroner.
Endringar på lokaliteten som går utover gjeldande løyve, vil normalt innebere krav om ny søknad. I tillegg til saksbehandlingsgsgebyret vil det også bli kravd gebyr for saksbehandling etter forureiningsforskrifta. Statsforvaltaren vedtar kva gebyrsats som gjeld for kvar enkelt søknad.
Viser til gebyrforskrifta (lovdata.no)
Andre krav
Som søkar har du ansvar for at søknaden inneheld alle nødvendige opplysingar. Ufullstendige søknader forsinkar søknadsprosessen og kan bli returnert eller avvist. Saman med kommunen må søkar sørge for at søknaden blir lagt ut til offentleg ettersyn og kunngjort.
For landbaserte anlegg må søkar få løyve frå NVE til uttak av ferskvatn etter vassressurslova før søknaden blir sendt til fylkeskommunen.
Ta gjerne kontakt med ein av våre rådgivarar i forbindelse med utarbeiding av søknaden.