Møre og Romsdal 2025

Møre og Romsdal 2025 er avvikla i 2024 som følge av vedtak i sak PS-13/24.

Møre og Romsdal 2025 var eit program der offentleg sektor med ansvar for Møre og Romsdal samarbeidet for å styrke regionen. Fylkeskommunen var programeigar og samarbeidet med kommunane i fylket, Statsforvaltaren og andre statlege aktørar.

Programmet etablerte møteplassar og fasiliterte fellessatsingar på område der offentleg sektor såg behov for betre samarbeid.

Programmet etablerer møteplassar og fasiliterer fellessatsingar på område der offentleg sektor ser behov for betre samarbeid.

Kvifor Møre og Romsdal 2025?

  • Samarbeid, samling og samordning av offentleg sektor i fylket var viktig for å vise seg som ein sterk region på nasjonalt nivå.
  • Å opprette gode samarbeidsarenaer og informasjonskanalar mellom dei tre nivåa i offentleg sektor med ansvar for Møre og Romsdal - kommunar, fylkeskommune, fylkesmann og statlege aktørar – var verdifullt for samfunnsutviklinga i fylket.
  • Samarbeid på tvers av sektorar og forvaltningsnivå ville hjelpe offentleg sektor å yte gode tenester til innbyggarane i fylket. 

Målet med 2025 var:

  • Offentleg sektor med ansvar for Møre og Romsdal sj\kulle vere godt samordna og ein sterkare utviklingsaktør for Møre og Romsdal. 
  • Offentleg sektor i Møre og Romsdal skulle ha god kunnskap om og kjennskap til kvarandre, og samarbeider ut frå felles forståing av utfordringar og moglegheiter i fylket.
  • Det vart utvikla forpliktande samarbeid og regionale fellessatsingar som styrka Møre og Romsdal.

Du kan lese årsrapporten for 2023 her. (PDF, 1016 kB)

Samarbeidsprosjekt