BerekraftfylketProsjektet Berekraftsfylket er avvikla i 2024 som følgje av vedtak i sak PS-13/24. Prosjektet har vore ei felles regional satsing på berekraft etter initiativ frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Berekraftsfylket la til rette for samarbeid mellom kommunane om løysing av felles, identifiserte berekraftsutfordringar med ei breidde av aktørar. Vidare jobba prosjektet med å bygge eit fellesskap mellom kommunane i Møre og Romsdal som styrka evna til heilskapleg og integrert berekraftsarbeid. Berekraftskoordinatorer i Møre og Romsdal For å halde fram arbeidet i berekraftssatsinga i Møre og Romsdal, har Statsforvaltaren finansiert fire engasjementstillingar for ein 2-årsperiode. Koordinatorane har eit ansvar for omlandskommunane som ressursperson og pådrivar for berekraftsspørsmål. I tillegg jobbar dei med prosjekt som omhandlar jordvern, matsvinn, mobilitet, sirkulærøkonomi, innkjøp, m.m. Har du spørsmål angåande berekraft, ta kontakt med din lokale berekraftskoordinator: Søre Sunnmøre: Regine Solberg Aklestad Regine.Solberg.Aklestad@volda.kommune.no (Volda er vertskommune) Romsdalen Olena Klymenko: olena.klymenko@molde.kommune.no (Molde er vertskommune) Nordmøre Rob Achterkamp: rob.achterkamp@tingvoll.kommune.no (Tingvoll er vertskommune) Nordre Sunnmøre: Margrete Emblemsvåg: margrete.emblemsvag@alesund.kommune.no (Ålesund er vertskommune) Berekraftkoordinatorar Sirkulærøkonomi Samarbeid med OECD: Møre og Romsdal fylkeskommune har som einaste fylke i Noreg blitt plukka ut som ein av ti regionar i Europa til eit samarbeid med OECD på sirkulær økonomi. Samarbeidet inkluderer fysiske panelintervju med sentrale aktørar i regionen innanfor offentleg, privat og frivillig sektor som jobbar med sirkulære initiativ. Dette vil resultere i ein rapport med praktiske tilrådingar til korleis regionen kan jobbe vidare med å utvikle sirkulære initiativ og styrke regionen i møte med nye utfordringar og greie omstillinga til det grøne skiftet som vil vere klar i slutten av april 2024. EU- nettverk Circular Cities and Regions Initative (CCRI): CCRI er en del av EUs handlingsplan for sirkulærøkonomi, med mål å støtte Europas grønne skifte ved å blant annet fremme sirkulærøkonomi på lokalt og regionalt nivå. Møre og Romsdal Fylkeskommune er med som ein av 37 medlemer som gir kompetanse, kunnskap og finansiering til regionen. Oversikt over sirkulære initiativ og piloter i Møre og Romsdal 6 PhD-studentar som jobbar med sirkulærøkonomi i Møre og Romsdal Sirkulærøkonomi Regional berekraftsprofil og satsingsområde Alle kommunane i fylket har gjort ei kartlegging av status på berekraft ved bruk av FN-metodikken United 4 Smart Sustainable Cities (U4SSC) i 2021. Dette var som en del av prosjektet “Berekraftsfylket Møre og Romsdal”. Fylkeskommunen har samanfatta resultata frå kartleggingane i ein eigen rapport - berekraftsprofilen for Møre og Romsdal. I rapporten er det peika ut seks satsingsområde som er spesielt egna for felles, regionalt samarbeid. Dei seks områda er: Sirkulær økonomi Fattigdom og sosial inkludering Smart og berekraftig VA-sektor Digitalisering av offentleg sektor Offentlege bygg - byggsertifisering Lokalmat og mattryggleik Dei seks satsingsområda blir fulgt opp av ulike initiativ, både gjennom Berekraftfylket direkte og andre initiativ. Kommunane samla sjølv inn data til kartlegginga før dei blei verifisert av BDO og dernest FN. Resultatet av kartlegginga blei publisert i ein rapport som viser status på berekraft i den enkelte kommune. Alle kommunerapportane er tilgjengeleg på ITU/FN sine nettside. Andre nyttige ressursar finn du her: Lenke til KS og SSB sin taksonomi for klassifisering av indikatorer til berekraftsmålene: https://www.ks.no/fagomrader/barekraftsmalene/maling-kartlegging-og-analyse-av-barekraft/dette-er-taksonomien/ Diverse rapportar utarbeidd av interns ved United Cities Internship Program hausten 2022: Rapport om korleis kommunane i Møre og Romsdal har integrert berekraftsmåla i kommuneplanens samfunnsdel. Rapport der U4SSC KPIane er sortert etter taksonomien. Forslag til supplerande indikatorsett der U4SSC har manglar. Korleis var satsinga organisert? Kjernen i Berekraftfylket var samarbeid med og mellom kommunane. Prosjektet var organisert under programmet Møre og Romsdal 2025 (avvikla i 2024), og rapporterte til og deltok i dei ulike foruma i programmet. Statsforvaltaren var ein viktig støttespelar for å realisere berekraftsfylket, og bidrog mellom anna med skjønnsmidlar for å støtte satsinga. Berekraftfylket samarbeidet også tett med det nasjonale berekraftsnettverket for kommunesektoren. Nettverket har fleire opne arrangement, mellom anna «berekraftsfredag» kvar siste fredag i månaden. Du finn meir info om nettverket på KS sine nettside. Berekraftfylket var organisert i seksjon for berekraftig samfunnsutvikling i stab for strategi og styring. Seksjonen utviklar og driv tverrfaglege, regionale utviklingsprosjekt i tråd med fylkesplanen. Satsingane i seksjonen er primært eksternt retta, og seksjonen deltek i fleire nasjonale og internasjonale nettverk og prosjekt.