Landbruket i tal
Statistikkportal (under utarbeiding)
Næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving
Fylkeskommunen har to tilskotsordningar som skal stimulere til næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving i landbruket.
Kystskogbruk
Møre og Romsdal fylkeskommune samarbeider med fylkeskommunane Agder, Rogaland, Vestland, Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark om å utvikle kystskogen. Sjå årleg utlysing av Kystskogmidlar.
Regionalt partnarskap landbruk
Det regionale partnarskapet for landbruk består av representantar frå Møre og Romsdal fylkeskommune (leiar), Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Innovasjon Norge, Bondelaget og Bonde- og småbrukarlag. Parnarskapet har følgande oppgåver:
- legge strategiske føringar for det regionale arbeidet med utviklinga av landbruksbasert næring i fylket
- gi innspel til jordbruksforhandlingane
- gi føringar til Innovasjon Norge for investeringsmidlane i landbruket
- gi innspel til Statsforvaltaren sitt arbeid med rullering av Regionalt miljøprogram
- gi innspel i viktige landbrukssaker for Møre og Romsdal.
Kompetansenettverk for lokalmat Midt-Noreg
Møre og Romsdal høyrer til Kompetansenettverket for lokalmat i Midt-Norge som er stasjonert på Mære landbruksskole i Trøndelag. Dette er eitt av fem kompetansenettverk i Noreg. Dei levera variert kompetanse og matfagleg kunnskap til produsentar i Møre og Romsdal og Trøndelag.
Kulturlandskap og kulturminner
Fylkeskommunen har ulike støtteordningar for å ta vare kulturminner og til å støtte god og berekraftig forvaltning av verdensarvområdet, som til dømes skjøtsel av kulturlandskap i verdsarvområdet og kulturminner på garden.
Arealforvaltning
Møre og Romsdal fylkeskommune skal bidra til å styrke jordvernet. I tråd med den nasjonale jordvernstrategien frå 2023, har Møre og Romsdal fylkeskommune sett mål om at maksimalt 100 dekar dyrkajord vert omdisponert til andre formål kvart år. Denne målsetninga er førande også for Statsforvaltaren og kommunane i Møre og Romsdal i arealsaker.