Regionale tilretteleggingsmidlar i landbruketKommunar og organisasjonar kan søke støtte til prosjekt knytt til utvikling, rekruttering og kompetanseheving.Målet med ordningaOrdninga skal legge til rette for meir verdiskaping i landbruket gjennom regional næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving. Søk herKven kan søke?Både kommunar, organisasjonar og forskings- og utviklingsinstitusjonar som er registrerte i Enhetsregisteret kan søke.Kva kan du søke støtte til?Du kan søke støtte til prosjekt knytt til utvikling, rekruttering og kompetanseheving innan landbruk, og som bidreg til å nå måla i Fylkesstrategi for landbruk i Møre og Romsdal 2023-2026:auke verdiskapinga frå landbruket i Møre og Romsdalbehalde landbruket sine produksjonsareal gjennom berekraftig bruk og forvaltning auke verdiskapinga frå foredling av landbruksråvarer frå Møre og Romsdalauke kompetansenivået og innovasjonstakta i landbruksnæring og forvaltningredusere landbruket sine miljø- og klimautslepp og ta vare på miljøverdiar i landskap og jordsmonnutvikle fleire og betre forretningsidear med gardsbruket som utgangspunkt og nye marknader som mål Vilkår du må vere merksam på Tiltaket må vere i tråd med Forskrift om regionale tilskot til næringsutvikling, og kompetanseheving i landbruket (under utarbeiding).Tilskot frå regionale tilretteleggingsmidlar for landbruket er avgrensa inntil 50 prosent av totalkostnad. I særlege tilfelle kan vi tildele inntil 75 prosent av totalkostnad. Godkjend timesats for eigeninnsats er inntil 1,2 promille av årsløn, men maks 1100 kroner per time. Vi kan betale ut 75 prosent av tilskotet undervegs i prosjektperioden, basert på innrapporterte kostnader. Kompetansehevande tiltak skal vere opne for alle på same vilkår. Deltaking eller pris skal ikkje vere avhengig av medlemskap i organisasjonen som mottek tilskot. Slik vurderer vi søknaden Alle søknader vert vurdert etter desse tre kriteria: Kvalitet og innovasjonRelevans i høve til utlysinga: «Treff» prosjektet utlysinga, og svarer det på vilkåra til ordninga?Innovasjon: Alle prosjekt må ha ei form for nyskaping eller stegvis utvikling, sjølv dei små. Der eit prosjekt liknar på noko som har blitt gjort før bør søknaden gjere greie for ulikskapar. Metode: Prosjektet skal ha eit klart mål og gode delmål, men skal også beskrive korleis dei vil oppnå desse og vise til smarte indikatorar for måloppnåing og effektaEffekt og verdiskapingVerdi for søkaren og regionen: Det skal kome godt fram korleis prosjektet skal skape verdi for regionen, partnarskapet og søkaren. Prosjektet skal også vise korleis det svarar ut måla til regionen for grøn industrivekst, berekraftig utvikling eller andre område omfatta av regionale planar. Moglegheit for vidareutvikling: Det skal vere tydelege moglegheiter og planar for å ta prosjektet vidare etter sluttføring, gjerne ved å vise til større nasjonale og internasjonale ordningar, innhenting av privat kapital eller anna form for kommersialisering eller vidare verdiskaping. Kommunikasjon og kompetansedeling: Prosjektet skal vise til korleis prosjektet og resultata skal bli formidla til relevante målgrupper som næringsliv, lokalsamfunn og offentlege aktørar på måtar som engasjerer og skapar positive ringverknader og læring. For store prosjekt skal det vere utarbeidd ein kommunikasjonsplan. Gjennomføring. Prosjektplan: Det skal kome tydeleg fram korleis prosjektet skal gå fram for å nå måla og delmåla som er definerte, gjerne i form av ulike arbeidspakker med ulike ansvarlege og prosjektfunksjonar. Risiko: Prosjektet skal drøfte særleg sannsynlege hindringar som kan oppstå og greie ut korleis desse bli førebygde og møtast for å minske risiko. Ressursbruk: Prosjektet skal ha eit realistisk budsjett. Budsjettet skal spegle partnarar og innsatsane deira, og skal også gjere tydeleg ulike finansieringskjelder. Alle søknader får ein karakter mellom 1-7 på kvart kriterium. Prosjektsøknader må få ein karakter på 4 eller betre på alle kriteria for å kvalifisere for tilskot. Søknader om tilskot på mindre enn 500 000 kroner blir vurderte av minst to saksbehandlarar i kompetanse- og næringsavdelinga. Søknader om 500 000 kroner eller meir blir vurderte av eit fagpanel før politisk behandling. Søknad og søknadsfrist Du må fylle ut søknadsskjema og sende inn søknaden på tilskotsportalen www.regionalforvaltning.no Søknadar om tilskot på mindre enn 500 000 kroner har ingen søknadsfrist og vert behandla fortløpande av kompetanse- og næringsavdelinga i fylkeskommunen. Søknadar om tilskot på 500 000 kroner eller meir vert behandla politisk av kompetanse- og næringsutvalet, og må leverast innan ein av desse fristane: 1. april 2025 (blir behandla 8. mai)1. mai 2025 (blir behandla 5. juni)1. juli 2025 (blir behandla 18. september)15. september 2025 (blir behandla 23. oktober)1. november 2025 (blir behandla 4. desember) Fylkeskommunedirektøren kan bestemme at også søknadar om mindre enn 500 000 kroner blir lagt fram for politisk behandling, dersom vedtaket krev politisk skjønn.