Samling om plan og klima
Statsforvaltaren og fylkeskommunen inviterer til samling om plan og klima 1. oktober 2025. Invitasjonen går til tilsette i kommunane som arbeider med planlegging og klimaarbeid. Viktige tema blir handlingsrommet i høve til naturomsyn og miljø, konsekvensutgreiingar, nye planretningslinjer for klima og energi og nye planretningslinjer for areal og mobilitet. Ein representant frå Holth & Winge, eit advokatfirma som har spesialisert seg i plan- og bygningsrett, vil vere forelesar på samlinga. I år arrangerer vi ikkje den tradisjonelle todagarskonferansen for planleggarar.
Fleire opplysningar med høve til påmelding kjem over sommaren.
Tilbod om karbonkart, klimagasskalkulator og opplæring
Møre og Romsdal fylkeskommune har saman med Kartverket fått Klimasatsstøtte til å gjennomføre eit kompetansehevande prosjekt for kommunane om kart, arealrekneskap og klimagassutslepp (KAK). Bruk av arealrekneskap og berekning av klimagassutslepp/-opptak knytt til bruken av areal har potensial til å fremje ei meir klimavennleg planlegging. Til dette treng kommunane verktøy, oversikt over karbonrike areal og planar som er vektoriserte/digitaliserte (slik at dei kan bli brukt i verktøy som arealrekneskap og klimagasskalkulator). Vi har kjøpt tenester frå NIBIO som både skal lage kart over karbonrike areal og gjere klimagasskalkulatoren for arealbrukssektoren tilgjengeleg for alle kommunane i Møre og Romsdal, samt gje opplæring. Alle kommunane i Møre og Romsdal vil bli inviterte til å delta i prosjektet. Opplæring vil bli gitt gjennom webinar og ein fysisk arbeidsverkstad i kvar av våre fire regionar. Invitasjon er sendt ut. Du kan lese meir på fylkeskommunen sine nettsider.
Plannettverk i haust
Fylkeskommunen tek sikte på å skape meir aktivitet i dei regionale plannettverka frå hausten av. Meir informasjon vil komme seinare. Vi arrangerte samling for nye planleggarar i mai og vi vil arrangere ei tilsvarande samling neste år dersom det er behov.
Midlar til kulturmiljøarbeid
Seks kommunar i Møre og Romsdal har fått tildelt midlar frå Riksantikvaren til arbeid med kulturmiljøplanar, risiko- og sårbarheitsanalysar og beredskapsplanar for kulturmiljø.
Herøy, Hareid, Sula, Stranda, Fjord og Ålesund har søkt og fått innvilga midler til arbeidet i år. Møre og Romsdal er det fylket som har fått tildelt nest mest midlar i år, til saman 1 million kroner, som er fordelt mellom kommunane og fylkeskommunen. Du kan lese meir om tildelinga på Riksantikvaren sine heimesider.
Har du trua artar i nabolaget?
Miljødirektoratets nye kart viser kvar i Noreg vi ventar å finne flest trua artar, såkalla «hotspottar» for trua artar. Karta er bygde på 35 millionar artsregistreringar frå 1990–2024, for over 7700 artar. Over 88 000 personar/institusjonar har bidrege med data.
Karta vil hjelpe kommunane med å ta vare på natur. Karta viser at mange av områda med flest trua artar ligg i område som ikkje er verna.
Mange kommunar tek grep om naturmangfaldet
44 prosent av kommunane i Noreg har ein plan for å ta vare på naturmangfaldet – anten under arbeid eller ferdigstilt. Tilskotsordninga «Natursats» gir kommunar støtte til å lage kommunedelplanar som kartlegg naturverdiar og gir betre grunnlag for avgjerder om arealbruk. Nesten halvparten av kommunane i Noreg lagar eller har laga ein slik plan. I 2025 får 32 kommunar støtte til å utarbeide kommunedelplanar for naturmangfald, og 43 kommunar får midlar til å oppdatere gamle arealplanar.
Aure og Smøla signerte bygdevekstavtale
Aure og Smøla har signert regionens første bygdevekstavtale med Kommunal- og distriktsdepartementet og Møre og Romsdal fylkeskommune. Bygdevekstavtale er eit verkemiddel som skal bidra til busetting, tilgang på kompetent arbeidskraft og framtidsretta næringsutvikling i dei minst sentrale delane av distrikts-Noreg. Aure og Smøla har som mål å utvikle attraktive og levande tettstader, med fokus på sosial berekraft, møteplassar og bustadbygging. Dei ønsker også å utvikle nye samarbeidsformer for arealforvaltning og krafttilgang, samt utforske løysingar for betre mobilitet og kvardagslogistikk. Dei har med seg et sterkt lag med blant andre Husbanken, Statsforvaltaren og Distriktssenteret.
Integrering i kommunal planlegging
Vi minner om at fylkeskommunen har utarbeidd eit dokument som skal bidra til at det skal bli lettare for kommunane å inkludere innvandrarbefolkninga i kommunal planlegging. Her finn du stoff om mellom anna lovgrunnlag, medverknad, folkehelse, kultur og frivilligheit. Dokumentet ligg på fylkeskommunen si nettside.
Korleis merke og tilrettelegge kyststiar?
Firmaet Holth & Winge har på oppdrag frå Buskerud fylkeskommune utarbeidd eit juridisk grunnlag for rettleiing til kommunane om merking og tilrettelegging av kyststiar. Ei ny juridisk utgreiing vil vere til hjelp for kommunane i arbeidet med etablering av kyststiar i strandsona og andre stiar for ålmenta. Utgreiinga gir ei grundig vurdering av kommunane si tilgang til å merke stiar i utmark, og ser særleg på kva for juridiske rammer som gjeld når stien går nær busetnader eller gjennom område med usikker grense mellom innmark og utmark. Den gir også praktiske tilrådingar for korleis kommunane kan gå fram i planlegginga av kyststiar.
Oppdatering av retningslinjer
Klima- og miljødepartementet har oppdatert retningslinjene for korleis viktige klima- og miljøinteresser skal takast vare på i arealplanlegging. I det oppdaterte rundskrivet (T-2/16) til Statsforvaltaren, fylkeskommunane og Sametinget gir departementet eit meir tydeleg grunnlag for når miljøforvaltninga kan gå mot planar om utbygging.
Om slike saker ikkje vert løyst lokalt, skal dei løftast til Kommunal- og distriktsdepartementet for endeleg avgjersle. Målet med rundskrivet er å sikre ein einskapleg forvaltningspraksis og at nasjonale og vesentlege regionale klima- og miljøinteresser blir godt ivaretatt i arealplanlegginga.
Nytt e-læringskurs
Bufdir lanserte denne våren eit nytt e-læringskurs om oppfølging og koordinering av arbeid med likestilling, mangfald og menneskerettar. Målgruppa for kurset er tilsette som har fått ansvar for å koordinere eller følge opp arbeidet med likestilling, mangfald, menneskerettar (inkludert CRPD) eller sosial berekraft i ein kommune, fylkeskommune eller andre delar av offentleg sektor. Kurset gir konkrete verktøy og eksempel på korleis arbeidet kan forankrast og følgast opp på tvers av fagområde og sektorar. Kurset er tilgjengeleg på Bufdirs kursplattform og på KS-læring.
FN sine berekraftmål i fylkeskommunal og kommunal planlegging
Rapporten «FNs bærekraftsmål i kommunal og fylkeskommunal planlegging – hvorfor og hvordan» er utarbeidd av Bærekraftsnettverket. Nettverket består av kommunar og fylkeskommunar som saman med KS arbeider for å bidra til FNs berekraftsmål innan 2030. Medlemene tok utgangspunkt i sine erfaringar med berekraftsmåla, og deler sine beste praksisar i denne rapporten.
Den forklarer korleis kommunar og fylkeskommunar kan bruke berekraftsmåla som eit konkret verktøy i sitt planarbeid. Rapporten gir først ei innføring i kva berekraftsmåla er, og kvifor desse måla er relevante for lokal og regional planlegging. Deretter viser den til kva for føringar som alt finst i lover, forskrifter og nasjonale forventningar, og knyter dette opp mot kvifor og korleis berekraftsmåla kan vere ei nyttig støtte i planprosessane.
Oppdatert rettleiar
Rettleiaren om støy i arealplanlegging er oppdatert. Støyrettleiaren er utvida med eit nytt kapittel 10. Kapittelet inneheld informasjon om følgande kjelder: veg, bane, luftfart, industri, hamner, terminalar, skytebanar, motorsport og vindturbinar.
I kapittelet er det lagt vekt på informasjon retta mot saksbehandlarar og publikum, og inneheld i mindre grad detaljerte rettleiingar knytt til utrekningar og målingar.
Korleis ta omsyn til klima og miljø i arealplanlegginga?
Utbyggingsprosjekt påverkar miljøet og samfunnet rundt oss. Med god planlegging kan vi ivareta naturområde og viktige klima- og miljøinteresser. Miljødirektoratet har samla informasjon på nettsida si om korleis vi kan ivareta klima- og miljøomsyn gjennom arealplanlegginga.
Nettsida gir eit oversyn over ulike verktøy som kan brukast for å ta miljøomsyn i arealplanlegginga. Her finst det både overordnede føringar for planlegging, eit oversyn over dei viktigaste miljøomsyna og juridiske verkemidla for å sikre miljøomsyn i arealplanar. Her er ein kort introduksjon til ulike miljøtema, med lenker til relevant faginnhald på Miljødirektoratet sine nettsider.
Nasjonal arkitekturstrategi – «Rom for kvalitet»
Regjeringa har nyleg lagt fram ein nasjonal arkitekturstrategi. Innsatsområda er
· varierte nabolag
· varsam ressursbruk
· vakre omgjevnader
· varige kvalitetar
Strategien er meint å vere eit startpunkt for vidare innsats og den skal bidra til inspirasjon og gje eit løft til alle som jobbar med å utvikle kvalitet i bygde omgjevnader.
Klimabudsjett
Vi reknar med at kommunane er godt i gang med budsjettprosessen til 2026 allereie. I år blir det ikkje ein felles arbeidsverkstad om klimabudsjett frå fylkeskommunen og Statsforvaltaren. Vi tek sikte på å kalle inn til eigne møte for dykk som har klimabudsjett og eitt for kommunar som enno ikkje har komme i gang. Vi kjem tilbake med meir informasjon om dette på eit seinare tidspunkt. Det er 18 kommunar som har utarbeidd klimabudsjett, ein kommune meir enn i fjor. Det er framleis ni kommunar som ikkje har budsjett.
Om ein vil sjå opptak av klimabudsjettwebinaret frå i fjor, finn ein det her: https://v.imgi.no/fbanv4za5m. Statsforvaltaren har ei nettside som er til hjelp for klimaarbeid i kommunane.
Berekraftkoordinatorar og tips på vegen mot klimabudsjett
Alle kommunane er tilknytt ein berekraftkoordinator som kan gje hjelp og støtte i arbeidet med til dømes klimabudsjett.
Søre Sunnmøre: Regine Solberg Aklestad: Regine.Solberg.Aklestad@volda.kommune.no
Nordre Sunnmøre: Margrete Emblemsvåg, margrete.emblemsvag@alesund.kommune.no
Romsdal: Ole Bertil Tveita Tingvoll, ole.tingvoll@molde.kommune.no eller Olena Klymenko: olena.klymenko@molde.kommune.no (i permisjon no)
Nordmøre: Rob Achterkamp: rob.achterkamp@tingvoll.kommune.no
De kan også kontakte Maria Laingen hos Statsforvaltaren: Maria.Laingen@statsforvalteren.no eller Ingeborg Simonsen, ingeborg.simonsen@mrfylke.no i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Hjelpemiddel og nettsider for klimabudsjettering
Veileder for klimabudsjett som styringsverktøy (KS)
Beregne effekt av ulike klimatiltak (Miljødirektoratet)
Klimatiltak i Norge (Miljødirektoratet)
Klimagassregnskap for kommuner og fylker (Miljødirektoratet)
Klimabudsjettering steg for steg – handbok
klimabudsjettmal-002.docx – mal, klimabudsjett
Klima - Hjem – KS om klima
Klimatiltak i Norge: Kunnskapsgrunnlag 2025 - miljodirektoratet.no