Meld deg opp til privatisteksamen

Har du behov for å forbetre ein karakter eller ta eksamen i eit fag du ikkje har fra før? Da kan du melde deg opp som privatist.

Slik melder du deg opp

Du kan melde deg opp som privatist i to periodar kvart år: 

  • Hausteksamen: 1.–15. september 
  • Våreksamen: 15. januar–1. februar

Logg inn på Privatistportalen via ID-porten

Logg inn på Privatistportalen

Betal eksamensavgifta med visa- eller mastercard. Oppmeldinga er ikkje gyldig før den er betalt. Sjekk at du har fått kvittering i privatistportalen. 

Meir informasjon om oppmelding

Fag og fagkode

Alle fag/eksamenar har ein eigen fagkode. Du er sjølv ansvarleg for å melde deg opp i rett fag. Søk etter fagnamn eller fagkode på udir.no.

I nokre fag må du ta både ein skriftleg og ein munnleg eller munnleg-praktisk eksamen for å få godkjent faget. Du treng ikkje å ta dei i same eksamensperiode. 

Du må betale eksamensavgift for kvar fagkode du melder deg opp i.
 

Kva kostar det?

Eksamensavgift for 2027

  • 1 426 kroner per eksamen for
    • fag du ikkje har standpunkt eller eksamenskarakter i
    • fag du ikkje har bestått (karakter 1) som elev eller privatist
  • 2 915 kroner per eksamen for
    • fag du har bestått som elev eller privatist, men ønsker å forbetre
  • Lærling med gyldig lærekontrakt skal ikkje betale for avsluttande eksamen (skriv inn bedrifta sitt org.nr.).

Norsk kort bodtid vgo for privatistar

Privatisteksamen i Norsk kort botid vgo gjeld for deg som 

  • har eit anna morsmål enn norsk, samisk, svensk eller dansk
  • ikkje har sluttvurdering etter ordinær læreplan i norsk 
  • kan dokumentere kort botid i Noreg (vanlegvis under 7 år når du tek eksamen for første gong).

Ta med dokumentasjon på kort botid når du møter til eksamen. Dette kan vere:

  • registreringsbevis frå politiet (for EØS-borgarar)
  • bostadsattest frå Skatteetaten
  • vedtak frå UDI, for eksempel opphaldsløyve

Tid og stad for eksamen

Tid og stad for eksamen finn du på Mine sider i Privatistportalen. Merk: datoar for munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen ikkje blir fastsett før fristen for oppmelding er ute. Følg med i portalen.

Privatistskolar i Møre og Romsdal

  • Atlanten vgs
  • Borgund vgs
  • Herøy vgs
  • Kristiansund vgs
  • Molde vgs
  • Romsdal vgs
  • Spjelkavik vgs
  • Sunndal vgs
  • Ålesund vgs

Når du søker opp faget, vil du sjå kva skolar du kan velge mellom. Vi gjer merksam på at fylkeskommunen, i etterkant av oppmeldinga, kan endre eksamenskolen. Da vil du i så fall få beskjed. Kontaktinfo til privatistskolane finn du her.

Tilrettelegging av eksamen

Du kan søke om særskilt tilrettelegging dersom du har behov, vanskar eller funksjonsnedsetting. Målet er at du skal få same moglegheit som andre til å vise kompetansen din. Tilrettelegginga kan ikkje endre kva du blir prøvd i. 

Eksempel på særskilt tilrettelegging:

  • ekstra tid
  • mange pausar
  • opplest eksamensoppgåve
  • lite rom eller skjerma eksamensplass
  • Har du rett til å bruke Lingdys, IntoWords eller anna digitalt lese- og skrivestøtteverktøy under eksamen, og skal ta eksamen i eit fag med Safe Exam Browser (SEB), så må du søke om særskilt tilrettelegging. Bruk koden “Unnta SEB”. Ta gjerne kontakt med den skolen du skal ta eksamen ved.   

Søknadsfristar

  • 30. september for hausteksamen
  • ​​​​​​15. februar for våreksamen

Du vil få svar i god tid før eksamen om tilrettelegginga er godkjend.  Ta med vedtaket på eksamensdagen. 

Slik søker du

Send søknad i Privatistportalen og legg ved sakkunnig dokumentasjon (for eksempel frå lege, psykolog, psykiater, spesialpedagog eller logoped).

Har du spørsmål? Kontakt skolen der du skal ta eksamen. 

Du kan klage på vedtaket. Send klagen til skolen. Klageinstans er Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Fråvær og avmelding

Sjukdom og fråver på eksamen

Dersom du er sjuk eller opplever ei uforusett hending du ikkje rår over, kontakt skolen så snart som mogleg. 

Viss du kan dokumentere årsaka til fråveret (f.eks. legeerklæring) får du rett til ny eksamen neste periode utan å betale ny eksamensavgift.

  • Fristen for å sende inn dokumentasjon: ei veke etter eksamensdato
  • Du blir meldt opp automatisk når dokumentasjon er levert 

Ønsker du å utsette eksamen?

Dersom du ønsker å vente med å ta eksamen av andre grunnar, må du melde deg opp på nytt og betale eksamensavgift

Avmelding

For å melde deg av, må du sende ein e-post til eksamensskolen.

  • Melder du deg av innan oppmeldingsfristen, får du tilbakebetalt eksamensavgifta
  • Melder du deg av etter fristen, får du ikkje tilbakebetalt eksamensavgifta 

Kollisjon med eleveksamen

Dersom privatisteksamen kolliderer med ein obligatorisk eleveksamen same dag, får vil eleveksamen prioritet. Du blir då meldt av privatisteksamen og får ikkje refundert avgifta.