Skriftleg eksamen

Informasjon om skriftleg eksamen for elevar ved vidaregåande skole i Møre og Romsdal.

Praktisk gjennomføring

Praktisk gjennomføring av eksamen kan variere litt fra skole til skole. Du må derfor lese informasjonen som står på nettsida til skolen din, i tillegg til det som står på denne sida. 

Sjekk datamaskin og programvare

Før du møter til skriftleg eksamen, må du sørge for at datamaskina du skal bruke er teknisk i orden og at nødvendig programvare er oppdatert. Gå gjennom sjekkliste PC/Mac før eksamen.

Førebuingsdag

Nokre fag har førebuingsdag dagen før eksamen. Dette er ein obligatorisk skoledag der du skal førebu deg til gjennomføring av eksamen neste dag. Møt opp til det tidspunktet du har fått beskjed om. Førebuingsmateriale blir publisert på www.kandidat.udir.no kl 9.00 på forebuingsdagen.

På eksamensdagen

Finn pulten med namnet ditt i lokalet. Slå mobiltelefonen din heilt av og legg den der du får beskjed om. Ta fram datamaskina, skriveutstyr og alle hjelpemiddel du har lov til å bruke og legg dette på pulten. 

Du skal logge deg inn på https://kandidat.udir.no (uansett type eksamen). Bli sittande ved pulten og vent på informasjon frå den som set i gong eksamen.  

Heildigital eksamen

Eksamen blir publisert og skal gjennomførast digitalt. I norsk-faga, engelsk 1 og 2, økonomistyring og økonomi og leiing vil du også få eksamensoppgåva på papir. 

Todelt eksamen

På todelt eksamen får du utdelt eksamensoppgåva på papir, og ark for kladd og innføring. Fyll ut felta på innføringsarket i tråd med informasjon som blir gitt i eksamensrommet. 

Svara for del 1 skal leverast når eksamenstida for del 1 er slutt. Du kan starte på oppgåvene i del 2 før eksamenstida for del 1 er ferdig, men du har ikkje tilgang til hjelpemiddel før eksamenstida for del 2 startar. Del 2 kan svarast på papir, digitalt eller ein kombinasjon.

Meir informasjon

Husk å lese informasjonen på nettsida til skolen din. 

Les også nye reglar for bruk av hjelpemiddel på skriftleg eksamen 2024

Les også "forberede og ta eksamen" på udir.no 

Eksamenskarakter

Du finn eksamenskarakteren i Visma InSchool (VIS) under Vurderingar > Eksamen. 

Eksamenskarakteren til skriftleg eksamen blir publisert etter fellessensuren, i slutten av siste skoleveke.