I dei aller fleste faga er alle hjelpemiddel tillatne bortsett frå ope internett og andre verktøy som kan brukas til kommunikasjon.
Les meir om hjelpemiddel på nettsidene til Utdanningsdirektoratet
Her finn du oversikt over felles nasjonale nettressursar som kan brukast ved skriftleg eksamen
Bruk av datamaskin eller nettbrett
Du er sjølv ansvarleg for å kunne bruke datamaskina du har med deg, at den fungerer som den skal, at du har installert programvarene du treng og at du beherskar desse. Du må kunne bruke programma offline, og du må kunne lagre dokument lokalt på datamaskina eller nettbrettet ditt.
Som sikkerheit bør du ha installert fleire ulike nettlesarar i forkant av eksamen slik at du kan velgje ein nettlesar som fungerer til innlogging og til å levere svara dine.
Her finn du oversikt over tekniske krav til PC/Mac/nettbrett for bruk ved eksamen (udir.no)
Dersom nettverk og eller server sviktar, og feilen fører til at du ikkje får levert svara dine, må du ta kontakt med eksamensvakta snarast mogleg.
Nokre læreplanar krev bestemte typar programvare. Sjekk læreplanen. Du må sjølv skaffe programvara og installere den på datamaskina di.
Eksamen etter læreplanar innført i 2020 (LK20)
Eksamen etter nye læreplanar er heildigital, og det er ikkje mogleg å levere svara dine på papir. Unntak: matematikk og treningslære 1.
Bruk av kjelder
Om du bruker kjelder i svara dine, skal dei presenterast med:
- forfattar
- fullstendig tittel på både lærebøker og annan litteratur
- nettadresse og nedlastingsdato, om du bruker utskrifter eller sitat frå internett
Alle hjelpemiddel er tillate i førebuingsdelen, bortsett frå aktivitetar og utstyr som forstyrrar andre kandidatar. Lydlaus kommunikasjon er lov. Privatisten skal ikkje forlate førebuingsrommet i førebuingstida og har sjølv ansvar for å ha med naudsynte hjelpemiddel. Privatisten kan ta med seg stempla notatark frå førebuinga inn til eksaminasjonen.
Alle hjelpemiddel er tillate i førebuingstida.
Det er lov å ta med notat frå førebuinga inn til eksamen.
Privatistar kan også ha med seg anna type arbeid eller produkt frå førebuinga inn til eksamen.