Høgare yrkesfagleg utdanning

Fylkeskommunen har ansvar for høgare yrkesfagleg utdanning (fagskolar). Utdanningane er yrkesretta, praksisnære og tilpassa behova i arbeidslivet.

Søke driftstilskot

Fagskolar kan søke driftstilskot til utdanningstilbod i Møre og Romsdal.

[Gå til tilskotsordninga]

Tilskotet skal bidra til:

  • god kvalitet i utdanningane
  • gjennomføring for studentane
  • kompetanse som arbeidslivet har behov for

Samarbeid: HYU Møre og Romsdal

HYU Møre og Romsdal er ein møteplass for fagskolar, arbeidsliv og fylkeskommunen.Her kan du samarbeide om nye utdanningstilbod, få innsikt i kompetansebehov og dele erfaringar med andre fagskolar.

Vi har to samlingar i året, ei fysisk og ei digital. [Sjå program frå samling (7. mai 2026)]

Bruke analyser og kunnskapsgrunnlag i planlegging

Her finn du dokument som er viktige når du planlegg og utviklar utdanningstilbod:

Kva er høgare yrkesfagleg utdanning

Høgare yrkesfagleg utdanning (fagskole) er korte, yrkesretta utdanningar på nivået over vidaregåande opplæring. Utdanningane er tett kopla til arbeidslivet og utvikla i samarbeid med næringsliv og offentleg sektor.

Denne typen utdanning gjer det mogleg å bygge kompetanse raskt og fleksibelt, ofte ved sidan av jobb. Det er særleg viktig i eit arbeidsliv prega av teknologiutvikling, grøn omstilling og auka krav til beredskap.

For Møre og Romsdal bidreg høgare yrkesfagleg utdanning til å sikre tilgang på relevant arbeidskraft, styrkje omstillingsevna i næringslivet og leggje til rette for verdiskaping i heile fylket.

Fylkeskommunen si rolle

Møre og Romsdal fylkeskommune har eit regionalt ansvar for høgare yrkesfagleg utdanning.

Fylkeskommunen:

  • forvaltar statlege driftstilskot til fagskolar
  • eig og styrer Fagskolen Møre og Romsdal
  • prioriterer fagområde basert på regionale kompetansebehov
  • legg til rette for samarbeid mellom utdanning og arbeidsliv
  • bidreg til utvikling av nye utdanningstilbod

Målet er å sikre relevante og tilgjengelege utdanningstilbod i heile fylket.

Fagskolar i Møre og Romsdal

Dette er fagskolar i fylket som får statleg tilskot:

Fagskolane tilbyr korte og fleksible utdanningar innan:

  • helse og velferd
  • tekniske fag
  • maritime fag
  • kreative fag