Rutine for individuell karriererettleiing - andre samtale

For personar som har rett og plikt til å gjennomføre karriererettleiing etter §11 i Integreringslova. 

  • Frivillig gjennomføring: Den andre rettleiingssamtalen er ikkje obligatorisk, men blir tilpassa deltakarens behov og ønske i samråd med programrådgivar.
  • Tidspunkt for samtalen: Det kan vere nyttig å gjennomføre den andre rettleiingssamtalen enten mot slutten av introduksjonsprogrammet eller i overgangen til neste fase.
  • Bestilling av tid: Vi ber om at den andre rettleiingstimen blir bestilt i god tid.
  • Informasjon: Det er viktig å informere karriererettleiaren om planen vidare, kva som har blitt gjort i introduksjonsprogrammet og kva som er målet med rettleiinga på førehand.
  • Notat: Eventuelle oppdateringar eller tilrådingar etter den andre rettleiinga, kan skrivast inn i “annet”-feltet i notatet frå den første rettleiinga.