Rutine for individuell karriererettleiing - første samtale

For personar som har rett og plikt til å gjennomføre karriererettleiing etter §11 i Integreringslova.  

Før rettleiinga

  • Programrådgivar bestiller karriererettleiing hos karriererettleiar per e-post
  • Programrådgivar deler DUF-nr og anna relevant informasjon med karriererettleiar
    • E-post og/ eller telefon
    • Anonymiser e-post og ikkje del sensitiv informasjon
  • Karriererettleiar bestiller tolk - 1,5t
    • Karriererettleiinga kan gjennomførast på engelsk om personen ønskjer dette sjølv
  • Programrådgivar sørger for eigna rom til karriererettleiinga – 1,5t
    • Karriererettleiar kjem ut til den enkelte kommune sin lokasjon
  • Programrådgivar førebur personen på kva karriererettleiinga kan handle om
  • Karriererettleiar førebur seg til karriererettleiinga
    • Kompetansekartlegging og anna relevant informasjon
  • Programrådgivar må avklare med karriererettleiar på førehand dersom programrådgivar vurderer det som nødvendig å delta i karriererettleiinga

Etter rettleiinga

  • Ettersamtale mellom programrådgivar og karriererettleiar kan avtalast etter behov
    • Kan gjennomførast fysisk like etter rettleiinga, eller per telefon
  • Fylkeskommunen skriv karriererettleiars notat i IMDI-nett
    • Er vanlegvis fullført innan ei veke; ta kontakt med karriererettleiar om ikkje