Lærlingar skal avlegge fag- eller sveineprøve ved slutten av læretida. Lærekandidatar avlegger ei kompetanseprøve. Praksiskandidatar kan avlegge fag- eller sveineprøve når det er opparbeida nok praksis i faget.
Det er lærebedrifta som er ansvarleg for å melde opp lærlingar, lærekandidatar og fagbrev på jobb-kandidatar ved slutten av læretida. Når oppmeldinga er godkjent blir den sendt til prøvenemnda, og det blir avtalt tid for gjennomføring av prøve.
Praksiskandidatar må melde seg opp sjølv. Du kan lese meir om praksiskandidatordninga her