Les denne rettleiinga nøye før du sender inn oppmeldinga.
Når du har bestått teorieksamen og har nok praksis i faget, kan du melde deg opp til fag- eller sveineprøve som praksiskandidat. Du kan sende oppmelding når som helst i løpet av året. Slik gjer du det:
Steg 1 - Betal prøveavgift
Betal med Vipps til nr. 757415 - Praksiskandidat prøveavgift. Prøveavgifta for første gongs prøve er 1155 kroner. Prøveavgift for andre gongs prøve dersom du stryk første gong, er 2317 kroner.
Dersom du skal gjennomføre prøva på ein prøvestasjon, må du avtale tid med prøvestasjonen og du er sjølv ansvarleg for å dekke kostnader til gjennomføring av prøva.
Steg 2 - Samle dokumentasjon
Samle attestar og lagre desse på datamaskina di.
Steg 3 - Fyll ut oppmeldingsskjema og send inn
Send inn oppmeldinga som praksiskandidat. Du må legge ved attester i oppmeldinga.
Når prøveavgift er betalt og vi har mottatt oppmelding og dokumentasjon frå deg, vil ein saksbehandlar i fylkeskommunen vurdere oppmelding og dokumentasjon. Du vil bli kontakta dersom det er opplysningar som manglar.
Saksbehandlingstid er normalt 6 -9 veker.
Dersom oppmelding og praksis blir godkjend, vil du få brev om dette frå fylkeskommunen. I brevet står det kven du skal ta kontakt med for å avtale tid og stad for gjennomføring av fag- eller sveineprøva.
Dersom oppmeldinga ikkje blir godkjend, vil du få beskjed frå fylkeskommunen.