Kurs og opplæring for lærebedrifter

For at du som arbeider med lærlingar skal vere godt rusta til å gi opplæring og følge opp lærlingane, tilbyr vi kurs og webinar for instruktørar og faglege leiarar.

Obligatorisk e-læringskurs for nye faglege leiarar og instruktørar

Dette kurset er for deg som er eller skal bli fagleg leiar eller instruktør for lærling i bedrift. Kurset er obligatorisk for nye faglege leiarar. 

Innhald

Kurset er inndelt i 11 leksjonar, og inneheld nyttig informasjon om korleis du kan drive opplæring av lærlingar.

Påmelding

For å motta kurset på e-post må du registrere deg med namn og e-postadresse. Etter at du har gjennomført kurset vil du motta kursbevis på e-post.

Meld deg på e-læringskurset her

Fysiske kurs

Vi tilbyr fysiske kurs for faglege leiarar og instruktørar i lærebedrifter kvar haust i Kristiansund, Molde, Ålesund og Ulsteinvik. 

Innhald

Kurset tar opp tema som planlegging av opplæringa, arbeid med læreplan og oppfølging av lærlingar. Instruktørane sitt bidrag til kvalitetsutvikling og vurdering i opplæringa er svært viktig for den faglege standarden på norske fagarbeidarar, og gjennom kurset kan dei bli tryggare i rolla si.

Påmelding

Datoar og påmelding blir lagt ut i kalenderen. Kursa er gratis. 

Webinar 

Vi tilbyr webinar med ulike tema. Har du forslag til tema kan du sende oss ein e-post til yrkesfag@mrfylke.no.

Webinar 22. oktober kl. 09:00-12:00

Vi inviterar til webinar for faglege leiarar og instruktørar 22. oktober klokka 09.00 - 12.00. Enten du er ny i rolla som fagleg leiar eller instruktør, eller har lang erfaring og ønskjer fagleg påfyll, er du velkomen til å delta på webinaret.Tema som blir gjennomgått i webinaret er:

  • oppfølging av lærlingar - oppstart i bedrift, plan for opplæringa, vurdering 
  • rolla som fagleg leiar/instruktør
  • informasjon fra LO
  • informasjon frå NHO
  • informasjon frå elev- og lærlingombodet
  • fagprøva 
  • praktisk informasjon og tips

Meld deg på her

Kompetansepakkar for nye læreplanar

Utdanningsdirektoratet har utvikla kompetansepakkar for å støtte lærebedrifter med å ta i bruk nye læreplanar.

Innhald

Kompetansepakka består av ulike modular og følger lærlingløpet frå start til slutt. I tillegg til gjennomføring av oppgåver og aktivitetar kan du bruke kompetansepakken som eit oppslagsverk.

Påmelding

Les meir og meld deg på kompetansepakkene