Det er viktig at du som arbeider i lærebedrifta har ei god oppfølging av lærlingar og lærekandidatar.
Oppstart av læretid
Gjennomføring av læretid
- Meld deg på kurs for faglege leiarar og instruktørar som fylkeskommunen gjennomfører kvar haust. Lærebedrifta får invitasjon.
- Delta gjerne på webinara som fylkeskommunen arrangerar.
- Følg opp lærlingen jamnleg. Gjennomfør halvårssamtalar.
- Dersom lærlingen skal ha permisjon, militærteneste eller liknande må de søke om endring av læretid. Bruk skjema Søknad om endring av læretid
- Dersom de opplever utfordringar i læretida så kan opplæringskontor, seksjon Opplæring i bedrift i fylkeskommunen eller elev- og lærlingombodet hjelpe. Det er viktig å ta tak i utfordringa tidleg for å finne ei god løysing. Bruk rettleiar ved bekymring i læreforhald og fare for heving til hjelp.
- Dersom du skal ta inn ein lærekandidat som ikkje har søkt om læreplass innan fristen, eller skal endre kontrakten frå lærling til lærekandidat eller omvendt, må du søke om dette. Bruk skjema for søknad om opplæringskontrakt eller omgjering av kontrakt
- Dersom lærekontrakten må hevast, bruk skjema søknad om heving av lærekontrakt
Avslutning av læretid
- Meld opp lærlingen til fagprøve i Vigobedrift Dersom lærebedrfta er medlem av eit opplæringskontor kan det vere at det er opplæringskontoret som melder opp lærlingen.
- Gjennomfør mini-fagprøver der lærlingen kan øve på gjennomføring av fagprøva.
- Legg til rette for gjennomføring av fagprøva på prøvedagane.