Rettleiar - utfordringar i læretida

10 ADHD og konsentrasjonsvanskar

ADHD er ein nevrobiologisk utviklingsforstyrrelse, og er kjenneteikna av merksemdsvanskar/konsentrasjonsvanskar, impulsivitet og/eller forstyrra aktivitetsnivå. Ein ungdom kan ha ADHD dersom hen har eit visst tal definerte symptom over ei viss tid. Desse symptoma må påverke ungdommen sin funksjonsevne i betydeleg grad i minst to sosiale miljø - ofte heime og på skolen. Unge med ADHD har oftare tilleggsvanskar, gjerne andre nevroutviklingsforstyrrelsar eller ulike former for lærevanskar, enn andre ungdommar. Unge med ADHD kan vere særleg følsame for ytre stimuli frå synsinntrykk, lyder og berøring.

Dei fleste friske ungdommar er urolege eller har vanskar med å konsentrere seg nokre gonger. Det betyr ikkje at dei har konsentrasjonsvanskar eller ADHD. Det er viktig å vere klar over at symptoma for ADHD også kan indikere traumatiske opplevingar eller at ungdommen på anna måte er utsett for noko som påverkar konsentrasjonen. 

Korleis kan ADHD og konsentrasjonsvanskar utarte seg? 

  • Høgt aktivitetsnivå, impulsivitet, uro i hender og føter, må fikle med noko.
  • Klarar ofte ikkje å vere fokusert på detaljar eller gjer uforsiktige feil.
  • Det kan virke som om lærlingen dagdrøymer, og ikkje er oppmerksam på det som skjer rundt seg.
  • Lærlingen ser ofte ut som om hen ikkje høyrer etter når hen blir snakka til, og har vanskar med å få med seg beskjeder.
  • Har ofte vanskar med å organisere oppgåver eller aktivitetar.
  • Vanskar med å kome i gong med oppgåver, halde fokus på oppgåva, og fullføre til rett tid.
  • Kan ha problem med å få med seg riktig utstyr til riktig tid.
  • Nokre kan ha tilleggsvanskar i form av lærevanskar som lese-, skrive- eller matematikkvanskar.
  • Nokre kan ha vanskar med å arbeide raskt og effektivt.
  • Nokre kan ha vanskar med å vente på tur, og avbryt andre i samtalar eller aktivitetar.
  • Nokre kan vere svært snakkesalige, og snakkar raskt.
  • Let seg lett distrahere av ytre stimuli som lydar, ting som skjer rundt lærlingen. 

Kva kan du som arbeider med lærlingen gjere? 

  • Lærlingar med ADHD har ofte stort behov for hjelp med struktur, faste rutinar, forutsigbarheit og organisering av kvardagen. Ei tydeleg plan for arbeidsdagen og -veka kan vere til stor hjelp. Hjelp lærlingen med dette i starten, målet må vere at lærlingen etter kvart blir meir sjølvstendig og kan skape sine eigne strategiar for å organisere arbeidsdagen. Det vil også skape meir tryggheit i møte med uforutsette hendingar som vil oppstå i løpet av ein arbeidsdag.
  • Unngå mykje munnleg informasjon på ein gong, og ta ein ekstra sjekk for å sikre at lærlingen har fått med seg beskjeden og/eller forstått arbeidsoppgåva.
  • Gjer ein avtale med lærlingen om bruk av hjelpemidlar for å betre konsentrasjon, til dømes støyreduserende øyreproppar, dersom dette passar med arbeidsoppgåva.
  • Sett av fast tid til å dokumentere mål i dokumentasjonsverktøy, skrive logg og få rettleiing frå instruktør.
  • Faste oppgåver, rutinar, gode vaner og automatisering av handlingsrekker kan verke positivt inn i arbeidskvardagen for lærlingen.