Rettleiar - utfordringar i læretida

2 Korleis løyse utfordringa?

Kva løysning som er riktig i situasjonen vil avhenge av type utfordring. Det er viktig å prøve å kome til botn i kva som er den underliggjande årsaka til utfordringa, slik at man kan legge til rette og sette inn riktige tiltak.  Her finn du meir informasjon om utfordringar innan følgjande tema:

  • psykisk helse
  • mobbing og trakassering
  • rus og avhengigheit

Under kvart av punkta kan du lese korleis utfordringa kan utarte seg og kva du kan gjere for å hjelpe.

Døme på utfordringar lærebedrifta kan oppleve:

  • stort fråver
  • sjukdom
  • rus
  • psykisk helse
  • lite progresjon
  • sosial tilpassing
  • spelavhengigheit

Tiltak i bedrifta

  • Samtale mellom fagleg leiar og kandidat og eventuelt opplæringskontor. Bruk tipsa som står under “Den gode samtalen”. Lærebedrifta skal sende referat frå samtalen via eDialog til fylkeskommunen. 
  • Sette opp tiltak og fristar, og eventuelt justere opplæringsplan. Kontakte hjelpeinstansar ved behov.

Om tiltaka ikkje fører fram

  • Lærebedrifta eller opplæringskontoret kan ta kontakt med fagrådgivar i fylkeskommunen for råd og rettleiing, og avtale avklaringsmøte. 
  • Lærebedrifta sender dokumentasjon på bekymringssamtale og tiltak som er prøvd
  • Fagrådgivar i fylkeskommunen sender bekymringsbrev til kandidat
  • Opplæringskontor/lærebedrift kallar inn til avklaringsmøte mellom kandidat, lærebedrift/opplæringskontor og fylkeskommunen. Ved behov deltar foreldre eller andre føresette, annan person lærlingen har tillit til, tilsynsrepresentant, OT-rådgivar, PPT, NAV, lege, elev- og lærlingombodet eller andre.
  • Fagrådgivar tar kontakt med kandidat og høyrer kandidaten sin versjon av saka før møtet.
     

Avklaringsmøte

I avklaringsmøtet kan utfallet bli å avtale vidare tiltak og oppfølgingsplan eller søknad om heving av kontrakt.  Tiltak kan til dømes vere:

  • Sette opp korte, oppnåelege mål
  • Justere opplæringsplan

Søknad om heving av kontrakt

Einigheit om heving: 

Begge partar skriv under søknad om heving. Bedrift/opplæringskontor sender søknad om heving til fylkeskommunen. Utfylt opplæringsplan skal følgje med søknaden.

Ikkje einigheit om heving:

Parten som ønsker heving skriv under søknad. Bedrift/opplæringskontor sender søknad om heving til fylkeskommunen. Utfylt opplæringsplan skal følgje med søknaden.

Kva skjer vidare?

  • Fylkeskommunen søker klarheit i saka før det blir fatta vedtak.
  • Fylkeskommunen sender skriftleg førehandsvarsel til kandidaten før det blir fatta vedtak.
  • Dersom det er einigheit om heving skal fylkeskommunen avklare med kandidaten om det faktisk er einigheit.
  • Kandidat skal gis moglegheit til å uttale seg munnleg til den som skal fatte vedtaket.
  • Fylkeskommunen fattar vedtak om at kontrakten hevast / ikkje hevast. Det kan klagast på vedtaket.
     

2.1 Start med den gode samtalen

Det er viktig at lærlingen føler seg trygg og har tillit til å opne seg for deg. Ein god relasjon mellom deg og lærlingen gjer at det er lettare å få tak på problemet. Dersom ein lærling til stadig kjem for seint treng ikkje det å vere latskap, men det kan vere reelle underliggjande utfordringar som lærlingen strevar med.

Å skape ein god relasjon handlar mykje om å sette deg inn i lærlingen sin ståstad og tilpasse din åtferd deretter. Ein god relasjon verkar førebyggjande og læringsfremjande. Dersom lærlingen har dårlege erfaringar og utrygge relasjonar må du som instruktør arbeide systematisk for å skape tryggheit, slik at lærlingen er mottakeleg for læring. 

Kva er kjenneteikna på ein god relasjon mellom lærling og instruktør? 

  • Instruktøren kjenner lærlingen sin bakgrunn, interesser, emosjonelle behov og faglege nivå, og gir uttrykk for det.
  • Instruktøren er imøtekommande og viser respekt for lærlingen.
  • Instruktøren viser at hen trivast saman med lærlingen.
  • Instruktøren gir god og strukturert hjelp og støtte i både faglege og sosiale utfordringar.
  • Instruktøren hjelper lærlingen med å reflektere over eigen læring og tenking.

Din viktigaste kjelde til informasjon er lærlingen sjølv. Det kan vere utfordrande å finne tid til ein samtale med lærlingen og kanskje vegrar du deg fordi du er usikker på korleis du skal handtere samtalen. Likevel er det den som har best kjennskap til og relasjon med lærlingen som bør gjennomføre samtalen. Hugs at du alltid kan søke støtte med til dømes seksjon opplæring i bedrift i fylkeskommunen, opplæringskontor eller PPT. Nokre gonger er det lurt at nokre av desse er med i samtalen.

Korleis skal du førebu deg til samtalen? 

Samle informasjon frå andre som kjenner lærlingen. Deler dei bekymringa di?

Tenk gjennom: 

  • Kva er formålet med samtalen?
  • Kva er det eg ønsker å vite meir om og korleis kan eg spørje?
  • Korleis vil eg kome til å reagere?
  • Korleis kan eg ta imot det lærlingen seier?
  • Korleis skal eg, dersom det er aktuelt, ta det vidare?
  • Korleis kan eg kople meg på lærlingen? Er lærlingen stille, avvisande, i forsvar, open? 

Korleis skal du gjennomføre samtalen? 

  • Inviter til samtalen.
  • Fortel lærlingen at du er bekymra.
  • Forklar kvifor du er bekymra, og kva du bygger bekymringa di på. Ver tydeleg og konkret. Vis til noko som er observert, eller noko lærlingen har sagt. Sei at du kan ha tolka feil.
  • Få fram at du ikkje ser på lærlingen som vanskeleg, men som ein ungdom som har det vanskeleg.
  • Ver konkret, og tør å spør direkte rundt bekymringane dine.
  • Gi lærlingen rom og tid til å snakke, lytt aktivt til det lærlingen seier og ikkje ver redd for stillheit.
  • Forklar at du alltid vil avklare med lærlingen kva som eventuelt skal bli formidla vidare til foreldre, andre kollegar eller hjelpeapparat.
  • Ver et “speil” for lærlingen ved å sette ord på det du observerer og høyrer. Til dømes: «Eg ser at dette er vanskeleg for deg å snakke om…», «Så du opplever at det er vanskeleg å snakke med brukaren, fordi du blir usikker på kva du skal seie», «Du opplever at du ikkje har noko til felles med kollegaene dine..?", «Viss eg oppfattar deg riktig, så seier du at du ikkje føler at du meistrar arbeidsoppgåvene dine...? 
  • Vis at du står støtt og kan ta imot det lærlingen seier utan å bli overvelda.
  • Dersom lærlingen er stille og svarer mykje «veit ikkje» kan lukka spørsmål hjelpe.
  • I staden for å spørje: “kvifor er det vanskeleg for deg å komme på jobb”, kan du bruke informasjonen du har til å spørje meir konkret: “Er det vanskeleg å stå opp om morgonen? Blir du fort sliten av fysisk arbeid? Trivast du i lunsjen? Opplever du at du meistrar arbeidsoppgåvene dine?” 

Kva gjer du dersom lærlingen avkreftar bekymringane dine? 

  • Ha respekt for ei eventuell avvising, men sei at du framleis er bekymra dersom det er tilfellet.
  • Avslutt samtalen med at du vil ta kontakt igjen dersom du framleis er bekymra.
  • Sei at du håpar at lærlingen tar kontakt dersom det er behov. 

Kva gjer du dersom lærlingen bekreftar bekymringane dine? 

  • Ha respekt for det lærlingen fortel.
  • Avklar vegen vidare.
  • Dersom lærlingen har opna seg for deg, spør kva hen ønsker at du skal gjere med informasjonen. Kva forventar lærlingen skjer vidare?
  • Avklar med lærlingen kven du kan snakke med i etterkant.
  • Bli einig med lærlingen om både kortsiktige og langsiktige tiltak.
  • Dersom det er fare for liv og helse må du informere lærlingen om at du har ei plikt til å handle. Dersom du er usikker, kan du drøfte saken anonymt.
  • Dersom lærlingen ikkje samtykkar til at du deler informasjon kan du alltid drøfte anonymt med PPT eller andre hjelpeinstansar.
  • Gjer ein ny avtale med lærlingen. 

Kva gjer du etter samtalen? 

  • Gjer deg kjent med rutinane i bedrifta di og kven du kan kontakte for å få støtte.
  • Hugs at du ikkje skal stå aleine. Sørg for å finne støttepersonar som kan hjelpe lærlingen ved behov (til dømes opplæringskontor, rådgivar ved seksjon opplæring i bedrift, NAV eller fastlege)

Debriefing-samtale

Det kan oppstå situasjonar der det blir behov for ein debriefing-samtale. Det kan mellom anna vere hendingar knytt til helse, miljø og sikkerheit på ein byggeplass, eller hendingar knytt til pasientar/brukarar. For lærlingen kan dette vere skremmande og overveldande, og kan gi emosjonelle reaksjonar. Det er viktig å normalisere følelsane etter ei slik hending. For at hendinga ikkje skal gi alvorlege følger for lærlingen, må det vere gode rutinar for å følge opp lærlingen med samtaler i etterkant. Gjennom samtalen kan lærlingen betre forstå kva som skjedde, ta tak i tankar og reaksjonar og få ei avklaring på om lærlingen treng vidare oppfølging. 

Korleis skal du gjennomføre ein debriefing-samtale? 

  • Bruk tid i starten på å skape eit roleg klima der lærlingen kan føle seg trygg. Finn eit stille rom der de kan sitte i fred. Ha ei mugge med vann tilgjengeleg, og kanskje også noko lett å ete.
  • Kommuniser at det er ein fortruleg og ikkje-dømmande samtale, der det er greitt å opne seg om noko som er vanskeleg.  
  • Ver konsentrert og ha aktiv augekontakt med lærlingen.
  • Still oppklarande, konkrete spørsmål. Få fram fakta om kva som skjedde før, under og etter hendinga. Gi lærlingen god tid til å svare. Du kan gjerne oppfordre lærlingen til å fortelje meir.
  • Spør kva lærlingen så, høyrte, lukta og observerte for å få fram følelsar og sanseinntrykk. Det vil hjelpe til med å skape eit inntrykk av korleis lærlingen opplevde hendinga. Bruk tid på normalisering, signaliser at dette er normale reaksjonar.
  • Bruk tid på å snakke om kva som kan skje etter ei slik hending. At det er heilt normalt å tenke over det som har skjedd, og andre reaksjonar som kan oppstå. Snakk også saman om det er behov for fleire samtalar i etterkant av hendinga. Kanskje kan ein lære noko av slike hendingar? Snakk saman om det.
  • Kanskje er det behov for å endre arbeidsrutinar, eller innføre nye tiltak for å hindre at slike hendingar skjer igjen. La lærlingen delta aktivt i arbeidet med å førebygge slike hendingar, vis at lærlingen sine erfaringar også er viktige i å vidareutvikle lærebedrifta.