Rettleiar - utfordringar i læretida

8 Den stille lærlingen

Nokre lærlingar kan av ulike årsakar opplevast som stille og passiv. Nokre er naturleg sjenerte, introverte, strevar med nedstemtheit eller engstelse, eller har lav sjølvfølelse. Det kan ligge ei skjeivutvikling i psykisk helse bak utfordringa. Dette kan kome av mobbing, omsorgssvikt, traumeproblematikk, manglande sosial kompetanse eller ein ekspressiv språkvanske. Uansett årsak kan det vere utfordrande å vurdere lærlingen fagleg, og du kan bli bekymra for om lærlingen har det bra. Det kan vere krevjande å skape ein relasjon til og hjelpe desse lærlingane. For kollegaene kan det vere vanskeleg å få kontakt og resultatet kan bli sosialt utanforskap.

Alle menneske har et behov for å bli sett og høyrt og det kan oppstå ein dobbeltheit: det å ikkje bli sett er vanskeleg, medan det å få merksemd er heilt forferdeleg. Det er viktig å fange opp desse lærlingane tidleg, og sette inn tiltak for å hjelpe. 

Korleis framstår den stille lærlingen? 

  • Lærlingen er sosialt tilbaketrekt, og tar lite initiativ til sosial samhandling med andre, inkludert kollegar.
  • Lærlingen er utfordrande å få i tale.
  • Lærlingen kan framstå som passiv og utan initiativ.
  • Lærlingen unngår situasjonar som gir merksemd på seg sjølv. 

Kva kan du som arbeider med lærlingen gjere? 

  • Prøv å avklare årsaka til stillheita. Ta initiativ til ein samtale med lærlingen, føresette, og eventuelt tidlegare lærar i vidaregåande skole. Årsaken vil vere avgjerande for kva tiltak det er best å sette i verk.  Bruk tipsa om korleis du gjennomfører den gode samtalen.
  • Det at du som instruktør har «sett» lærlingen, er det viktigaste av alt. Fortsett å sjå lærlingen og gi respons der det er naturleg. Respekter at lærlingen ikkje ønsker å bli sett i fokus framfor andre.
  • Jobb med relasjonen gjennom uformelle og formelle samtalar, der du viser at du ser lærlingen og gir støtte. Bruk «det gode blikket». Hels kvar gong de møtes.
  • Gi lærlingen tid til å bli trygg nok til å vise meir av seg sjølv.