Rettleiar - utfordringar i læretida

15 Einsamheit

Einsamheit er ein risikofaktor for utvikling av psykiske helseplagar hos ungdom. Forsking viser at sosial isolasjon og einsamheit på arbeidsplassen er knytt til fysiske helseplagar som hjarte- og karsjukdom, stress, søvnvanskar, angst og depresjon.  

Undersøkingar på livskvalitet og psykisk helse under koronaepidemien viste også at einsamheit auka blant unge under denne perioden. Sjølv om einsamheita auka og blei forsterka gjennom pandemien, seier over halvparten av ungdommane at dei følte seg einsame også før korona-utbrotet.

Einsamheit er ikkje det same som å vere aleine. Fleire ungdommar fortel at dei også føler seg einsame når dei er saman med andre. Sjølv om dei er omgitt av venner og bekjente i sosiale settingar, kan følelsen av einsamheit vere sterkt til stade. Einsamheit handlar for fleire om «det å stå utanfor». Ungdommen kan vere fysisk til stade i ei gruppe, men føler seg ikkje som ein del av fellesskapet.

Førebygging av einsamheit kan vere med på å bidra til å hindre fråfall. Å prioritere eit godt sosialt miljø på arbeidsplassen, der lærlingen føler tilhøyrigheit og er inkludert i fellesskapet, blir sett og føler seg verdsett, føler seg nyttig på arbeidsstaden, er faktorar som bidrar til at lærlingen fullfører utdanningsløpet. 

Korleis kan einsamheit utarte seg? 

  • Nedsett humør.
  • Lita interesse for å ta initiativ til samtalar og sosiale aktivitetar.
  • Lav sjølvtillit, pratar eller tenker nedsettande om seg sjølv.
  • Redusert energi og meir trøytt.
  • Trekk seg tilbake sosialt og unngår kollegar.
  • Deltek ikkje i sosiale aktivitetar eller samtalar.
  • Blir ståande utanfor fellesskapet, blir ikkje invitert i aktivitetar eller samtaler.
  • Følelse av å vere uinteressant eller ubetydeleg. 

Kva kan du som arbeider med lærlingen gjere? 

  • Ta initiativ til ein samtale med lærlingen ved mistanke om sosial isolasjon/einsamheit.  Bruk tipsa om korleis du gjennomfører den gode samtalen.
  • Arbeid aktivt med å etablere trygge relasjonar.
  • Gjer kollegar og leiar oppmerksame på situasjonen.
  • Styrk, støtt og oppmuntre lærlingen til å delta aktivt i sosiale situasjonar, til dømes i samtaler med kollegar, i pausar, sosiale treff og ustrukturerte arbeidssituasjonar.
  • Oppmuntre til aktivitetar på fritida.
  • Ver nysgjerrig på lærlingen sin tilværelse: søvn, ernæring, venner, fritidsaktivitetar, trivsel og interesser.