Rettleiar - utfordringar i læretida

7 Engstelse og angst

Angst er, saman med depresjon, den psykiske lidinga som skjer hyppigst blant ungdom og unge vaksne. Angst er ein følelse som gjer at kropp og hovud blir førebudd på ei utfordring eller trussel. Ein viss grad av engstelse kan gjere at ein yt sitt beste i ein vurderingssituasjon eller anna utfordring. Ei angstliding er kjenneteikna av overdriven frykt og bekymring som gir mykje ubehag og påverkar livskvalitet og korleis ein fungerer heime, med vener og/eller på arbeid. Det fins fleire typar angstlidingar, der nokre er knytt til spesielle situasjonar eller objekt, som presentasjonar eller edderkoppar. Andre formar for angst er kjenneteikna av vedvarande bekymringar, eller plutselege panikkanfall. Ungdommar med angst har ofte overdriven mange bekymringar, til dømes om arbeidsoppgåver eller skriftlege oppgåver er godt nok gjort, og kan grue seg uforholdsmessig mykje til vurderingssituasjonar.

Engstelege lærlingar har ofte lav sjølvfølelse og negative forventningar til eiga meistring. Samtidig har unge med angst behov for å bli utfordra innanfor trygge rammar. Det er derfor spesielt viktig at desse lærlingane opplever eit positivt og støttande arbeidsmiljø med gode relasjonar både fagleg og sosialt, der det er lov å gjere feil. For engstelege lærlingar er det viktig å ha ein tillitsfull relasjon til instruktøren for å kunne utfordre eigne grenser. 

Korleis kan angst utarte seg? 

  • Fysiske symptom som hjartebank, magesmerter, kvalme, rødming, skjelving m.m.
  • Søvnproblem som går utover korleis lærlingen fungerer på arbeidsplassen.
  • Unngåelseåtferd knytt til vurderingssituasjonar, sosiale situasjonar og visse arbeidsoppgåver.
  • Lærlingen kan vere lett irritabel og sint.
  • Trekker seg unna kollegar.
  • Tar lite eige initiativ.
  • Går ofte ut av situasjonar, oppheld seg lenge på do etc.
  • Prøvar å gjere seg «usynleg» og er stille saman med andre.
  • Framvisar det vi kallar “tryggheitsåtferd” som å sette seg nærast utgangen etc.
  • Stort behov for kontroll og forutsigbarheit.
  • Verkar ukonsentrert og uroleg. 

Kva kan du som arbeider med lærlingen gjere? 

  • Dersom du legg merke til eller får vite at ein lærling er mykje bekymra eller engsteleg, kan du starte ein samtale med lærlingen med å seie «eg ser/forstår at du har det vanskeleg – er det noko som plagar deg no, eller er det noko vi kan snakke om etter arbeidstid?».  Bruk tipsa om korleis du gjennomfører den gode samtalen.
  • I samtalen kan du prøve å kartlegge korleis angsten artar seg for lærlingen, slik at det blir lettare å sette inn tiltak.
  • Du kan også prøve å normalisere gjennom å snakke om angst som ein normal følelse, og korleis mange lærlingar har det slik i forbindelse med situasjonar knytt til arbeidsplassen.
  • Ofte gir engstelege lærlingar negative instruksjonar til seg sjølv av typen «dette får eg ikkje til», «dette klarar eg aldri», «dette er ikkje bra nok» etc. Du kan utfordre desse gjennom å presentere meir realistiske og konstruktive måtar å tenke på.
  • Du kan hjelpe lærlingen ved å gi hyppige konstruktive tilbakemeldingar og formidle positive forventningar.
  • God informasjon om kor tid og korleis evalueringar skal bli gjennomført kan bidra til å dempe frykt for evalueringssituasjonar. Godt planlagde prøve-fagprøver er svært nyttig som førebuing for engstelege lærlingar.
  • Dersom du legg merke til at lærlingen har betydeleg funksjonstap heime eller på arbeidsplassen, bør lærlingen få profesjonell hjelp. 

Korleis kan du hjelpe ein lærling med angstanfall? 

  • Dersom du merker at ein lærling har angstanfall eller er i ferd med å bli overaktivert, kan du seie «eg ser at du skjelver litt og at du pustar litt raskt. Det går bra, sjølv om det er ubehageleg no. Eg er her og vil hjelpe deg».
  • Dersom lærlingen har sterk angst eller eit angstanfall, kan det vere godt å få litt fysisk avstand frå dei andre til dømes gjennom å ta ein tur ut eller til eit anna rom. Du kan tilby lærlingen litt vann, og til dømes seie «eg ser at du har det vanskeleg akkurat no, men eg er her og eg skal støtte deg».
  • Nokon treng litt tid etter at angstanfallet er over for å roe seg ned.
  • For mange kan det å oppleve at ein blir trygga under angstepisodar, føre til at episodane blir mindre, og at dei opplever mindre angst generelt.