Rettleiar - utfordringar i læretida

4 Fråver

Ein del utfordringar kjem til uttrykk gjennom høgt fråver.  

Korleis kan lærlingen sitt fråvær utarte seg? 

  • Manglande fagleg utvikling eller mangel på motivasjon kan utarte seg til fråver.
  • Fråveret startar ofte i det små før det utviklar seg til meir omfattande fråver.
  • Lærlingen prøver å unngå enkelte situasjonar eller arbeidsoppgåver og møter derfor ikkje på jobb.
  • Lærlingen kan ha utfordringar med å starte på jobb etter langvarig sjukdom eller feriar. 

Kva kan du som arbeider med lærlingen gjere? 

  • Følg stega i fylkeskommunen si rutine for “Fare for heving”  
  • Ta initiativ tidleg til ein samtale med lærlingen dersom du mistenker utvikling av bekymringsfullt fråvær. Du kan også be om lærlingen sin tillatelse til å få snakke med foreldra/føresette dersom du tenker det er hensiktsmessig.  Bruk tipsa om korleis du gjennomfører den gode samtalen.
  • Utelukk mobbing, trakassering eller utrygt miljø. Ver merksam på at lærlingen ofte ikkje vil fortelje om dette. 
  • Signaliser at lærlingen er ønska på jobb, gjennom å regelmessig sende SMS og ringe. Det er fint om også andre kollegar og/eller leiar også tar kontakt.
  • Ha regelmessige samtalar med lærlingen om dagen eller veka som har gått, og gjennomgang av neste dag/veke.
  • Avtal ein «trygg stad», til dømes eit pauserom, som lærlingen kan trekkje seg tilbake til ved behov, som eit alternativ til å dra heim.
  • Hjelp lærlingen med å få og utvikle gode relasjonar på arbeidsplassen.
  • Trygg lærlingen i overgangssituasjonar.  
  • Dersom lærlingen er borte frå arbeid utan å varsle må du ta kontakt med lærlingen. Finn ut om det er sjukdom eller noko anna. Vis interesse, og ver litt «på». Dess lengre fråværet er, dess vanskelegare er det å kome tilbake til arbeid.
  • Ta kontakt med opplæringskontor eller rådgivar ved seksjon opplæring i bedrift dersom tiltaka ikkje fungerer innan kort tid.