Rettleiar - utfordringar i læretida

3 Kven kan hjelpe?

Det kan vere behov for hjelp dersom du opplever utfordringar med lærlingen. Det fins ulike hjelpeinstansar som kan hjelpe lærlingen vidare.

Seksjon Opplæring i bedrift i fylkeskommunen

Du kan ta kontakt seksjon Opplæring i bedrift i fylkeskommunen dersom du opplever utfordringar med lærlingen.

Elev- og lærlingombod

Lærlingen kan ta kontakt med elev- og lærlingombodet dersom hen opplever utfordringar

Bedriftshelseteneste

Du kan ta kontakt med bedrifthelsetenesta som din arbeidsplass er tilknytta.

Kontakt din kommune

Det er ulike hjelpetilbod i dei ulike kommunane i fylket. Ta kontakt med din heimkommune for å finne ut kva tilbud dei har innanfor psyskisk helse. Kommunane tilbyr mellom anna helsestasjon for ungdom, der lærlingen kan få hjelp.

Fastlege 

Lærlingen kan kontakte sin fastlege for hjelp. 

Digitale sjølvhjelpsverktøy - appar

Digitale sjølvhjelpsverktøy kan bidra til å førebygge og meistre psykiske plagar. Helsedirektoratet tilbyr psykisk helseappar gratis:

Tankevirus 

Dette er ein app basert på kognitiv psykologi med daglege videoar og tips som bidreg til meistring og normalisering. Komplekse faguttrykk om psykologi er erstatta med analogier med den fysiske helsa som psykologisk immunforsvar, tankevirus og psykologiske vitaminar.  
UngSpotlight

Dette er eit digitalt treningsprogram med meistringsteknikkar for unge som opplever frykt eller ubehag når dei snakkar med framande. 

Grubl

Dette er ein app basert på metakognitiv psykologi med daglege videoar og eksperiment som bidreg til å trene brukaren si merksemd og redusere "grubling".

Selvhjelperen

Dette er ein digital kursbank med persontilpassa kurs og meistringsverktøy som bidreg til betre psykisk helse. Kursa dekker tema som søvn, stress, angst, depresjon, vanar, emosjonell intelligens, målsetting, prestasjonsangst, alkohol og rusmisbruk, sorg, indre motivasjon og einsamheit. 

Andre nyttige lenker

arbeidstilsynet.no  

https://www.helsenorge.no/psykisk-helse/

sidetmedord.no

mentalhelse.no/fa-hjelp/arbeidslivstelefonen  

ung.no  

psykologisk.no  

dubestemmer.no  

udir.no/nullmobbing  

barneombudet.no  

Regionale ressurssentre - RVTS

nokmr.no

Hjelpetelefoner og chat-tenester

Mental Helse: 116 123

Kirkens SOS: 22 40 00 40

Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111

Chat drive av Blå kors: Snakkompsyken