Rettleiar - utfordringar i læretida

17 Lav sjølvfølelse

I ungdomsåra skjer det ei enorm utvikling kroppsleg og mentalt. Når tenåringshjernen utviklar seg, blir ungdommen i stand til å sjå seg sjølv frå andre sitt perspektiv og samanliknar seg i større grad med andre. Studiar har vist at sjølvfølelsen ofte er på sitt lågaste i ungdomstida, og ungdom med lav sjølvfølelse er særleg sårbare i møte med opplevde krav om å vere vellukka. Kva betydning har det for korleis du møter lærlingar som er midt i denne prosessen?

Dei to omgrepa sjølvtillit og sjølvfølelse blir ofte brukt om kvarandre. Sjølvtillit kan bli beskrive som korleis ein dømmer seg sjølv ut frå det ein får til, medan sjølvfølelse handlar om kor godt ein har det med seg sjølv, uavhengig av kva ein er flink til. Sjølvfølelsen gjeld for heile personen, medan sjølvtilliten gjeld for forskjellige område i livet. Ein lærling kan til dømes vere trygg på evnene sine til å kome overeins og bli likt av kollegar, men ha dårleg sjølvtillit i enkelte arbeidsoppgåver.

Ein sunn sjølvfølelse gir eit godt grunnlag for god psykisk helse, også inn i vaksenlivet. Ungdommar med lav sjølvfølelse har større risiko for å utvikle angst og depresjon seinare i livet. Denne gruppa har også dårlegare deltaking i arbeidslivet som vaksne. Eit trygt, aksepterande og raust arbeidsmiljø utgjer grobotnen for ein god sjølvfølelse. Det vil også bidra til betre læringsresultat. Det er derfor viktig at du som arbeider med lærlingar veit noko om kva som fremjar god sjølvfølelse hos ungdom. 

Korleis kan lav sjølvfølelse utarte seg? 

  • Kvir seg ofte på vurderingssituasjonar, og trur at verdien deira er betinga av korleis dei presterer.
  • Har ofte lita tru på eigne evner, og har ei forventning om at dei ikkje vil prestere godt nok.
  • Taklar motgang, nederlag og kritikk dårleg.
  • Samanliknar seg i stor grad med andre.
  • Tør ikkje vere seg sjølv, men oppfører seg slik dei trur andre forventar av dei.
  • Verkar usikker, og strevar med å ta både mindre og større val av frykt for å gjere feil.
  • Er avhengig av å stadig bli bekrefta frå andre at hen gjer riktig.
  • Unngår arbeidsoppgåver hen ikkje er heilt trygg på at hen meistrar.
  • Seier ikkje frå om eigne behov, spør ikkje om hjelp, og/eller strevar med å seie nei.
  • Er kritisk, lite fleksibel og krevjande ovanfor seg sjølv.
  • Likar ikkje oppmerksamheit, og held seg i bakgrunnen.
  • Bortforklarar og strevar med å ta innover seg når det er noko hen får til, eller ved positive tilbakemeldingar. 

Kva kan du som arbeider med lærlingen gjere? 

  • At du som instruktør og kollega viser engasjement og interesse for lærlingen og er opptatt av at hen skal kjenne meistring i arbeidskvardagen, kan vere svært viktig for lærlingen sin følelse av å vere verdifull.
  • Ver bevisst på at du er ein viktig person i lærlingen sitt liv, og ha ei positiv og imøtekommande haldning ovanfor lærlingen.
  • Ver varm, raus, aksepterande og anerkjennande.
  • Prøv å få lærlingen til å føle seg sett; eit lite smil, ein klapp på skuldra eller nokre gode ord på tomannshand kan vere meir enn nok.
  • Ikkje bagatelliser det lærlingen opplever som vanskeleg. Lærlingen treng at du støttar og forstår det hen opplever.
  • Samtidig bør du ikkje ta bort alt av arbeidsoppgåver lærlingen syns er utfordrande. Dersom vi ønsker at lærlingen skal meistre utfordringane, kan vi ikkje fjerne eller løyse det som er vanskeleg for dei.
  • Lytt til kva lærlingen fortel, utan å kome med løysingar. Du kan vere ein viktig støttespelar og hjelpe lærlingen med å finne eigne løysingar.
  • Snakk med lærlingen om viktigheita av å ha en romsleg “tabbekvote”, ikkje berre for seg sjølv, men også for andre. Alle gjer feil eller dummar seg ut iblant – det er ein del av å vere menneske. Du kan vere eit godt eksempel – fortel om ei tabbe du gjorde då du var lærling eller seinare, og vis at du også kan gjere feil på jobb, utan at det betyr all verden.
  • Å bygge opp igjen lav sjølvfølelse tek tid, og det fins ikkje ei løysing, men mange små som saman er med på å bygge opp igjen trua lærlingen har på seg sjølv. 

Tips du kan gi til lærlingen 

  • Følg kontoar på sosiale media som har dei same interessene som du har, eller som gir deg inspirasjon. Slutt å følg influensarar som gir deg ein dårleg følelse.
  • Snakk om det som skjer i livet ditt, både det som er bra og det som er vanskeleg med dei rundt deg.
  • Det er lov å seie nei og å sette grenser for seg sjølv dersom noko følast feil. Det er alltid lov å ombestemme seg.
  • Ha som mål å si noko fint til nokon kvar dag. Det gjer dagen litt betre for den som får kompliment, og deg sjølv.
  • Det er lov å ikkje vite. Du kan stille «dumme» spørsmål, svare at du ikkje veit eller ikkje forstår, eller spørje om hjelp, og du trenger ikkje skamme deg for det.
  • Når du kjenner at du ikkje har det godt med deg sjølv, prøv å legg merke til korleis du snakkar til deg sjølv når du har det slik. Ville du sagt det same til ein god venn? Kva ville du sagt til nokon du var glad i som hadde det vanskeleg?
  • Utfordre lærlingen på å identifisere noko hen har lykkast med i arbeidet kvar veke.