Rettleiar - utfordringar i læretida

19 Mobbing og trakassering

Alle lærlingar har rett på eit trygt og godt arbeids- og læringsmiljø, fritt for mobbing og trakassering. Det er viktig at du som arbeider med lærlingen er bevisst på korleis du opptrer, slik at du ikkje mobbar ubevisst. Ein spøkefull kommentar kan verke uskyldig, men lærlingen kan oppleve det som ubehageleg. Som lærling kan det vere vanskeleg å seie ifrå dersom hen blir mobba. Lærlingen kan vere redd for å ikkje bli trudd eller bli mislikt.

Lærlingen kan oppleve mobbing utanfor arbeidssituasjonen, og kan bli prega av det. Det kan vere utestenging i ungdomsmiljø, baksnakking, negativt kroppsspråk etc. Mobbing på nett og i sosiale medier forekommer stadig oftere. Mange av dei som blir utsett for mobbing seier ikkje frå om det, kanskje fordi dei er redd for å ikkje bli tatt på alvor, eller føler på skam. Hen kan og tenke at det er deira eigen feil, sidan dei vel å ha profil eller poste innlegg eller bilder i sosiale media. I motsetning til anna mobbing, kan den digitale mobbinga skje via kommentarar og meldingar døgnet rundt, og følger ungdommen både på jobb og heime.  

Korleis kan du førebygge mobbing? 

  • Ha ei klar og tydeleg leiing
  • Arbeid førebyggjande før lærlingen kjem om kva som er forventa av eit trygt og godt arbeidsmiljø, og ver tydeleg på konsekvensar ved brot.
  • Arbeid for å skape gode relasjoner mellom lærling og instruktør
  • Vis tydeleg at det ikkje er greit å mobbe/utestenge
  • Ha sosiale samankomster for å skape eit godt arbeidsmiljø
  • Ha tydelege retningslinjer for handtering av mobbing/trakassering og sørg for at alle tilsette kjenner desse
  • Etabler ei fadderordning 

Korleis kan mobbing utarte seg? 

  • Lærlingen kan få auka fråvær, bli nedstemt, og/eller trekke seg tilbake frå kollegar og brukarar/kundar.
  • Lærlingen endrar åtferd
  • Lærlingen har søvnproblem
  • Lærlingen har humørsvingingar
  • Negativt kroppsspråk mellom dei involverte, til dømes stygge blikk («blikking»).
  • Dei som utøver utestenginga/mobbinga har tilsynelatande ikkje medfølelse for den som blir utsett for det. 

Kva kan du som arbeider med lærlingen gjere? 

  • Etablere trygge relasjonar og eit godt arbeidsmiljø.
  • Dersom du observerar ein situasjon med mobbing/utestenging skal du gripe inn og avslutte hendinga.
  • Om du mistenker mobbing og/eller utestenging, må du ta ein prat med den du trur blir utsett for det. Forsøk å skap ein trygg samtale der du formidlar at du ser at relasjonane er ugreie.
  • Reager med ein gong og ta saken på alvor, vis at du bryr deg.
  • Hald lærlingen orientert om kva som skjer vidare dersom hen opplever mobbing på arbeidsplassen, og trygg lærlingen på at det blir tatt tak i saka.
  • Gjer kollegar og leiar oppmerksame på situasjonen.
  • Ver særleg oppmerksam i situasjonar der lærlingen kan bli utsett for mobbing, til dømes ved samarbeid mellom kollegar, pausar/spisetid, sosiale samankomstar og ustrukturerte arbeidssituasjonar.
  • Oppmuntre den som blir utsatt til å sjå etter positive relasjonar og søke mot desse.
  • Ver bevisst på at lærlingen kan bli utsett for utestenging heile døgnet gjennom sosiale media. Snakk med lærlingen om strategiar for å skjerme seg.
  • Ver nysgjerrig på lærlingen sitt digitale liv.
  • Ta kontakt med opplæringskontoret, rådgivar ved seksjon Opplæring i bedrift eller bedriftshelsetenesta ved behov for støtte.
  • Oppfordre lærlingen til å kontakte elev- og lærlingombodet ved behov for støtte.
  • Følg opp den som blir utsett for mobbing/utestenging og den som har utøvd.