Rettleiar - utfordringar i læretida

16 Motivasjon

Motivasjon er drivkrafta som får deg til å starte med noko og held deg i gong, slik at du gjennomfører det du held på med. Motivasjon kan kome utanfrå eller innanfrå. Døme på ting som skapar ytre motivasjon er lønn og anerkjenning, eller frykt for negative konsekvensar. Indre motivasjon kan bli beskrive som den naturlege motivasjonen vi kjenner når vi gjer ting vi faktisk har lyst til å drive med. Vi framstår aktive, handlande engasjerte og har pågangsmot. Forsking har vist at den som opplever ein slik indre motivasjon presterer betre og har det betre med seg sjølv. Det er ikkje slik at det berre er opp til lærlingen å skape indre motivasjon. Indre motivasjon kjem blant anna når lærlingen kjenner på sjølvbestemming og får friheit til å velje korleis hen skal løyse ei oppgåve, når dei opplever å bidra inn i eit større fellesskap og når oppgåvene er passeleg utfordrande. Kva som er ei passeleg utfordring heng saman med ferdigheiter, men også med meistringstru, sjølvfølelse og sjølvtillit. Ein lærling kan til dømes ha stor meistringstru tross lave ferdigheiter, mens andre faglege dyktige lærlingar kan mangle sjølvtillit og meistringstru, noko som igjen kan få dei til å framstå som umotiverte. Lærlingar som har erfaringar med å ikkje meistre kan ha utvikla “lav motivasjon” som ein forsvarsmekanisme. Frykten for å mislykkast er så stor at dei beskyttar seg frå nederlaget ved å ikkje prøve, eller å late som at ting ikkje betyr noko.

Alle kan kjenne på varierande motivasjon i møte med ulike oppgåver. Sidan ungdomshjernen framleis er i utvikling kan det vere ekstra krevjande å halde drivkrafta oppe i møte med oppgåver som blir opplevd som kjedelege eller meiningsløyse. Særleg krevjande kan det vere for lærlingar med nevrologiske utviklingsforstyrringar som autisme eller ADHD. Dei vil derfor trenge ekstra støtte, forklaringar og oppdeling av oppgåver for å halde drivkrafta oppe. 

Korleis kan lav motivasjon utarte seg? 

  • Lærlingen kan ha trekt seg unna fellesskapet og har lite energi.  
  • Lærlingen er tilsynelatande er likegyldig og unngår oppgåver, produserer lite eller kjem for seint og har fråvær. 

Kva kan du som arbeider med lærlingen gjere? 

Vi må ta utgangspunkt i at alle har eit ønske om å meistre utdanning og arbeidsliv, og at det er bakenforliggande årsakar dersom lærlingen verkar å ha manglande vilje og motivasjon. Vi må også huske at nokre er naturleg sjenerte, introverte og vil derfor ikkje vise den entusiasmen vi forbind med ein motivert lærling. 

Motivasjon oppstår ikkje av seg sjølv ut av ingenting. For å skape motivasjon og drivkraft trengs handling. Du som instruktør kan hjelpe lærlingen med meistring og slik skape glede og motivasjon, gjennom å utforske saman med lærlingen for å finne ut kva som ligg bak den tilsynelatande manglande drivkrafta. 

  • Gjennomfør samtale med lærlingen der du tek opp bekymringa di.  Bruk tipsa om korleis du gjennomfører den gode samtalen.
  • Prøv å finn ut kva mangelen på motivasjon handlar om, er det forhold utanfor arbeid som påverkar? (Kjæraste, familieforhold, fritid, helse). Er det mangel på motivasjon i fleire aspekt av livet, eller kunne lærlingen hatt meir motivasjon dersom hen hadde ein anna type jobb eller arbeidsstad?
  • Snakk med lærlingen med utgangspunkt i dei ulike elementa som inngår i motivasjon.
  • Ferdigheiter og meistringstru:
  • Kartlegg både ferdigheiter og meistringstru i arbeidet. Er oppgåvene passeleg utfordrande? Føler lærlingen ein sosial tilhøyrigheit?
  • Ved å dele opp oppgåver i mindre deler og sette realistiske delmål kan meistringstrua auke.
  • Sjølvbestemmelse/autonomi
  • Opplever lærlingen å ha friheit til å påverke eigen arbeidskvardag/si eiga framtid? Det kan verke lite logisk, men det å gi lærlingen eit større ansvar kan i nokre tilfelle auke motivasjon.
  • Ser lærlingen at arbeidet gir meining og tilhøyrigheit?
  • Hjelp lærlingen til å sjå korleis lærlingen sine oppgaver inngår i ein større heilheit som er viktig for bedrifta, og viktig for eventuelle personlege mål og framtidsplanar lærlingen har.
  • Bli einige om nokre mål /arbeidsoppgåver og del gjerne opp i realistiske delmål - dette kan auke meistringstrua.
  • Følg opp med jamlege samtalar og evalueringar.
  • Vis at du har positive forventningar til lærlingen og vis at du trur på at hen kan meistre.