Rettleiar - utfordringar i læretida

6 Psykisk helse

Utfordringar innan psykisk helse

Dei fleste lærlingane trivast og klarer seg bra både i og utanfor arbeidslivet. I periodar kan likevel ein del oppleve utfordringar når det gjeld læring og psykisk helse. Psykiske plagar kan føre til sviktande konsentrasjon og dårlegare evne til å utføre arbeidsoppgåver. Samtidig kan utfordringar knytt til å fungere i arbeid bidra til frustrasjon, tristheit og engstelse som kan gi symptom på psykiske plager og lidelsar.  

God psykisk helse er ein verdifull ballast å ha med seg inn i opplæring og i livet som arbeidstakar. Det er derfor viktig at lærebedrifta satsar på førebygging og helsefremjande arbeid, og kan sette inn tiltak tidleg slik at lærlingen kan fungere og lærebedrifta får ein god framtidig fagarbeidar. 

Kva er psykisk helse? 

Alle har ei psykisk helse. Psykisk helse handlar om i kva grad ein opplever å trivast og å ha det godt med seg sjølv. Å ha god psykisk helse er ikkje det same som å gå gjennom livet utan å møte på utfordringar eller kjenne på negative følelsar. Å bli lei seg, sint eller føle seg einsam i periodar er heilt normale reaksjonar på det vi opplever i løpet av livet. Ungdomstida består av mange utfordringar som skal handterast, kanskje for fyrste gong. Evne til å regulere følelsar og åtferd, fleksibilitet og grad av støtte i omgjevnadane er faktorar som har betydning for korleis ungdommen kjem seg gjennom opp- og nedturane.

Omgrep som er knytt til psykisk helse har blitt ein del av daglegtalen. Det er derfor viktig å vite noko om kva som er normale reaksjonar og kva som gir grunn til ekstra bekymring. Det er også viktig å vite at psykisk helse ikkje handlar om å vere anten sjuk eller frisk, men kan sjåast som eit kontinuum vi alle bevegar oss i. Ungdom med psykiske vanskar kan oppleve symptom som angst, fortviling, følelse av meiningslause, søvnvanskar, spiseproblem, konsentrasjonsvanskar og uro. Dersom desse vanskane varer i ei gitt tidsperiode og blir av ein gitt alvorligheitsgrad kan det bli karakterisert som ei psykisk liding og fylle kriteria til diagnosar som angstlidingar, depresjon, anoreksi, ADHD eller psykose.