Rettleiar - utfordringar i læretida

18 Rus og avhengigheit

Lærlingen sin bruk av rus kan i nokre tilfelle føre til bekymring. Du som instruktør kan få ein vag følelse av at noko er galt. Det kan til dømes vere at lærlingen kjem for seint kvar måndag, verkar trøytt og ustelt, får auka fråvær midt i veka eller blir opplevd som uroleg og rastlaus i arbeidstida. Her har du ei viktig rolle, ved å ta tak i bekymringane tidleg.  

Det er viktig å arbeide førebyggjande med rus og avhengigheit i lærebedrifta for å unngå uønska situasjonar med rus. I dette arbeidet bør du inkludere lærlingen slik at hen kan bidra frå starten av. Lærebedrifta har eit ansvar i å sørge for eit trygt og godt arbeids- og læringsmiljø, eit miljø fritt for rus.

Nokre kan også oppleve avhengighetsproblematikk knytt til dataspel. For dei fleste er “gaming” ein lærerik  hobby som gir sosial tilhøyrigheit og glede. For nokon kan det vere vanskeleg å balansere spelinga med andre ting i livet. Dersom spelinga går utover korleis lærlingen fungerar på andre område i livet i betydeleg grad, kan vi seie at spelinga er blitt problematisk. Ein lærling med gamingavhengigheit kan til dømes bli sittande oppe på natta for å spele. Dette kan føre til at lærlingen kjem for seint til arbeid eller er trøytt og fråverande gjennom arbeidsdagen. 

Korleis kan rus og avhengigheitsutfordringar utarte seg? 

  • Auka fråvær. Lærlingen kjem for seint på jobb, forsvinner i løpet av arbeidsdagen eller har plutseleg fråvær midt i uka som ikkje er grunna sjukdom.
  • Endring av åtferd. Lærlingen kan til dømes gå frå å vere glad og imøtekommande til å være trøytt, ustelt og tilbaketrekt. Lærlingen kan og gå frå å vere stille og sjenert til å snakke mykje og raskare og meir høglydt.
  • Endring i måten lærlingen utfører arbeidet. Lærlingen kan gå frå å gjere arbeidsoppgåvene på ei god måte til å til dømes ha dårlegare vurderingsevne, evne til å lære og dømekraft. Lærlingen kan og ha svekka orientering for tid og stad, koordinasjon og balanse, og dårlegare hukommelse.  
  • Lærlingen verkar uroleg, rastløys og har svekka kritisk sans. Pupillstørrelsen og lysreaksjonen endrar seg.
  • Lærlingen verker trøytt og  lite fokusert eller har humørsvingingar.
  • Lærlingen verkar å ha få interesser, aktivitetar eller sosialt liv utanfor gaming.
  • Lærlingen har meningar og haldningar som bagatelliserer bruk eller legalisering av rusmidlar 

Kva kan du som arbeider med lærlingen gjere? 

  • Dersom lærlingen er rusa må du ta hen ut av arbeidsmiljøet. Om lærlingen er under 18 år skal føresatte bli varsla. Dersom du er bekymra for lærlingen si helse, ring legevakta eller 113.
  • Saman med leiinga skal du vurdere om politiet skal varslas på telefon 02800. Politiet kan gi råd om korleis du kan handtere situasjonen, eller bistå fysisk dersom lærlingen til dømes framstår truande. Dersom lærlingen har møtt på arbeid rusa fleire gonger, bør politiet varslas.
  • Ta tak i situasjonen. Du som instruktør kan seie til lærlingen at du er bekymra og vise at du bryr deg.  
  • Informer leiinga og opplæringskontor eller seksjon Opplæring i bedrift i fylkeskommunen
  • Ha ein samtale med lærlingen. Ikkje ta samtalen når lærlingen er rusa. Dokumenter samtalen.  Bruk tipsa om korleis du gjennomfører den gode samtalen.
  • Ver konkret om kvifor du er bekymra, hald deg til fakta og eigne  observasjonar utan å tolke kva som ligg bak dem. Bruk eg-form når du snakkar og ikkje “vi”.
  • Lytt aktivt til lærlingen og still opne spørsmål.
  • Samtalen kan føre til ulike reaksjonar og sette i gang følelsar hos lærlingen. Prøv å fokusere på omsorg og bekymring heller enn påstandar og beskyldningar. Dersom det låser seg, avslutt samtalen og avtal ein ny samtale.
  • Vurder om du kan kontakte andre ressurspersonar i mellomtida for råd, til dømes Akan kompetansesenter, Blå Kors eller fastlege