Rettleiar - utfordringar i læretida

12 Sjølvskading

Sjølvskading blir definert som skade ein person har påført seg sjølv med vilje, utan intensjon om å døy. Det kan til dømes vere kutting, kloring, å slå seg sjølv, brenning, eller overdosering av medisin. Den som sjølvskader kan bruke ein eller mange metodar, og den medisinske farligheitsgrada varierer frå overflatiske småskadar til livstruande skadar. Det er derfor ofte vanskeleg å skilje mellom sjølvskading og sjølvmordsforsøk. Det er tre gonger så mange jenter som gutar som sjølvskader.

På den eine sida kan sjølvskading dreie seg om å meistre overveldande følelsar, som til dømes angst eller tristheit. På den andre sida kan sjølvskading ha ein mellommenneskeleg funksjon, der det å auke støtte eller unngå urimelege eller uønska krav er funksjonen. Det er ein problemløysningsstrategi som kan verke hjelpsam på kort sikt, men er svært destruktiv på lengre sikt. Nokre gonger oppstår det situasjonar der det synes som om sjølvskading smittar. Det å høyre om og sjå andre som sjølvskadar kan gjere at andre ungdommar også ønsker å utforske det. Dette gjeld særleg dersom sjølvskading blir omtalt på ein romantiserande måte, og som ei løysing i staden for eit problem. 

Korleis kan sjølvskading utarte seg? 

  • Lærlingen kjem på arbeid med uforklarlege sår og rifter, brennemerker, blåmerke og/eller arr.
  • Lærlingen verker ukonsentrert og uroleg.
  • Lærlingen trekker seg tilbake sosialt.
  • Lærebedrifta kan få nyss om risikoåtferd utanom arbeid, slik som høgt alkoholforbruk eller farleg åtferd i trafikken. 

Kva kan du som arbeider med lærlingen gjere? 

  • Ha ei aktiv haldning, og tør å spør dersom du har mistenke om at lærlingen sjølvskader. Du kan hjelpe lærlingen til å sette ord på det som er vanskeleg, og ta lærlingen på alvor.
  • Det er viktig å vite kva som er beskyttande faktorar mot sjølvskading: å ha nære relasjonar til foreldre, jernaldrane og anna familie prega av god kommunikasjon, der lærlingen får hjelp og støtte til å løyse problem, ventilere frustrasjonar og handtere konfliktar. Dette vil gi sunne meistringsstrategiar når livet er vanskeleg. Å ha god sjølvfølelse gir betre evne til å handtere motgang ved hjelp av god problemløysing.
  • Det er viktig å snakke med lærlingen for å redusere skyldfølelse, og gi håp om at det fins hjelp. Mange vil ha ei avvisande haldning til både kontakt og det å ta imot hjelp. Det er viktig å vise at du tåler å bli avvist, tørre å prøve igjen, og fortsette å vise at du ser og bryr deg om lærlingen. Det vil forsterke relasjonen og gjere at du lettare kjem i posisjon til å hjelpe seinare.
  • Lærlingar som sjølvskadar skal alltid ha hjelp. Spør lærlingen om hen er i kontakt med behandlingsapparatet (spesialisthelseteneste eller kommunen sitt helse- og omsorgstilbod). Du kan også ta kontakt med seksjon Opplæring i bedrift, opplæringskontor og PPT for bistand.